Skal vi knekke nokre myter, Olav Rønneberg?

Når det gjeld tvilen du har, så vil eg gjerne vere med på å knekke nokre av mytene du fortel om:

Myte 1: Alt blir blanda og brent på Grautneset.

Nei, dette stemmer heldigvis ikkje. Avfallet vi samlar inn går til materialgjenvinning, det er berre restavfallet som går til forbrenning. Neste gong du får spørsmålet kan du høyre kvar folk har dette frå. Be om å få vite kven som har sagt det, for akkurat desse personane vil vi gjerne ta med på ein bosstur, slik du foreslår, for å vise kva vi faktisk gjer med avfallet.

Myte 2: Plasten blir brent etter innsamling.

Nei, det stemmer heller ikkje. Plasten blir sendt med trailer og tog til Tyskland. For å frakte plasten bruker vi returtransport, altså trailerar som ville gått tomme tilbake til Austlandet. Om du sorterte ti kilo plast i 2016 gjekk 7,5 kilo til plastproduksjon i Tyskland, 1,4 kilo til Belgia og 0,4 kilo til Storbritannia. Plasten du sorterer blir nytta i mange ulike plastprodukt, til dømes hagemøblar, posar og sekkar.

Du spør også om impregnert trevirke. Grunnen til at du må sortere trykkimpregnert trevirke i eigne konteinarar på gjenvinningsstasjonane våre, er dei giftstoffa som blir nytta i impregneringsprosessen. For å unngå spreiing av desse giftstoffa til miljøet, må dette giftige trevirket brennast i omnar med særleg god rensing.

Å sortere avfallet er eit lite enkelt miljøtiltak den enkelte kan gjere kvar dag. Mange blir også svært overraska når dei startar å sortere. Kastar eg verkeleg så mykje matavfall? Har vi så mykje plast? Vi trur denne bevisstgjeringa både kan vere med på å redusere forbruk og kor mykje folk vel å kaste – særleg når det gjeld mat.

Du kan vere trygg på at vi vurderer miljønytten av heile prosessen når vi vel gjenvinningsløysingar.

Takk for at du kjeldesorterer!

Helsing

Øystein SolevågDagleg leiar, Årim

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.