Vi vil med dette korrigere bildet. Vi var folk i alle aldrar som ynskte at vurdering av grensejustering skulle gjennomførast av fylkesmannen i tråd med inndelingslova.

Bjørke er ei lita bygd med innbyggjarar som har stort engasjement. Nettopp dette er det som har drive fram store og små saker til alle tider.

Engasjementet må vi alle ta vare på. Det er dette som er drivkrafta i bygda.

Saker engasjerer, og det er viktig å skilje sak og person. Uavhengig av utfall i denne saka skal vi som bur på Bjørke halde fram som gode grannar inst inne i Hjørundfjorden.