Marit E. Larssen, rådmann i Giske.

Søkelyset har blitt sett på barnevernet i Giske. Det set eg som rådmann i Giske pris på. Eg er nemleg stolt av det arbeidet barnevernet gjer og ikkje minst den utviklinga vi kan vise til dei siste åra.

Politisk tok Giske kommunestyre eit grep for ca. 3 år sidan. Dei satsa på tenestene til barn og unge. Barnevern og helsestasjon er tilført ressursar. Den politisk merksemda på arbeidet som vert gjort, har vore, og er, framleis høg. Det er godt å vite for ein administrasjon.

Tidligere innlegg om barnevernet i Giske:«Barnevernet – eit vern for kven?»«Full tillit til barnevernet»«Barnevernet vernar born»

Nokre nøkkeltal

Barnevernet i Giske har i dag åtte årsverk. Dette er ei auke på 2,8 årsverk sidan 2015.

I Giske er status i dag at 5,8 prosent av borna i alderen 0–17 år har barnevernstiltak. Ved utgangen av juni 2017 var det 73 born i Giske som fekk hjelpetiltak frå barnevernet. Til samanlikning var talet 90 ved utgangen av 2016.

Er så 5,8 prosent eit alarmerande høgt tal? Sjølvsagt skulle vi ha ynskt at ikkje så mange hadde behov for den ekstra hjelp og tryggleiken barnevernet kan gje, men talet får heller ikkje alarmklokkene til å ringe. I Møre og Romsdal er gjennomsnittet 5,3 prosent.

Det er dessverre slik at mange set likskapsteikn mellom hjelpetiltak og omsorgsovertaking. Heldigvis er det feil. Hjelpetiltak er tiltak som vert sett i verk i samarbeid med familien, medan omsorgsovertaking skjer når foreldre ikkje kan ivareta omsorga for barnet sitt.

I Giske kommune er det pr. utgangen av juni 2017 14 born, der dagleg omsorg vert ivaretatt av barnevernet.

Betre enn snittet

Samanliknar vi oss med Møre og Romsdal ser vi at vi har ein lavare andel omsorgsovertakingar enn snitt i fylket. Det same gjeld når vi samanliknar oss med landet. I Giske kommune var 1,5 prosent av barna i alderen 0–17 år under omsorg av barnevernet. Tilsvarande tal for fylket var 1,6 prosent og for landet 1,7 prosent.

Kvifor klarer vi oss betre enn gjennomsnittet?

Eg meiner det skuldast godt kompetente tilsette og ei organisering av barnevernstenesta som ser ut til å fungere.

Barnevernstenesta våre er organisert i ei felles eining, Barn, familie og helse, med andre familieretta tenester: helsestasjon, PPT, lege og psykisk helse. Gjennom denne organiseringa har vi fått til svært godt tverrfagleg samarbeid, også med skular og barnehagar. Satsinga på helsestasjonen og skulehelsetenesta ser vi er særs viktig. Saman med høg kompetanse innan psykisk helseteneste for barn og unge har vi no både betre tenester og ikkje minst kjem vi lettare og tidlegare i kontakt med dei som treng vår hjelp.

Vi legg stor vekt på kompetanseutvikling. Mellom anna deltok Giske kommune i den nasjonale satsinga « Kompetanseløft for barnevernet» hausten 2017.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Utfordringane våre

Sjølvsagt er ikkje alt berre ei roseraud velstandsky i Giske kommune heller.

Folketalet i Giske veks fort. I prosent er vi ei av dei raskast veksande kommunane i landet med folketalsvekst opp mot to prosent. I 2017 kom det 126 nyfødde til verda i Giske. Dei som kjem flyttande til oss er og i svært stor grad barnefamiliar.

Vi er sjølvsagt glade for at vår kommune vert opplevd som svært attraktiv å bu i. Men mange barn og unge krev og at vi har tenester som kan gje alle desse gode oppvekstvilkår. Barnevernet er saman med dei andre tenestene innan barn, familie og helse sentrale i dette arbeidet.

Prioritert

Dei siste åra har vi både administrativt og politisk prioritert barnevern. Vi har fått auka psykologkapasitet og har auka talet på tilsette i barnevernet kraftig. Vi har redusert talet på saker der vi ikkje klarer å halde dei lovpålagde behandlingsfristane, betydeleg.

I dag er vi langt under snitt både for resten av Møre og Romsdal og landet elles. Likevel: Målet er null fristbrot.

Vi ser at barnevernstenestene har eit hardt arbeidspress med litt for mange saker til kvar sakshandsamar. Dette er sjølvsagt ikkje ideelt, men tilbakemeldingane vi får frå alle fagetatar og Fylkesmannen er at tenestene vi klarer å levere, er av svært god kvalitet.

I 2018 satsar vi på å gjennomføre brukarundersøking, der brukarane skal få gi oss ros og ris.

Søkelys på barnevernet vil vi og skal vi ha. Dette er viktig og nødvendig for at utvikling av tenesta skal halde fram. Dei som møter barnevernet skal kjenne seg ivaretatt og kunne stole på at dei møter ei kompetent teneste som tryggar rettstryggleiken på ein god måte. Dette er målsettinga for det arbeidet vi gjer.

Marit E. LarssenRådmann i Giske

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Meir om denne saka under (alle artiklar er for abonnentar)

Opplever stengde dører om barnevern - utvalsleiar vil foreslå gransking

Hadde lov å lukke møte om barnevernssak i Giske

Giske: – Barnevernssak lukka ulovleg

Slik gjekk det då Søre-kommunane undersøkte barnevernet:

Avdekka dårleg oppfølging av barnevernsbarn

Barnevernet følgjer opp betre - men bryt framleis lova