Religion

«Er Jerusalem Israel sin hovudstad?»

Det er på høg tid at nasjonane godkjenner Jerusalem som Israel sin hovudstad, meiner Hans Reite. 

Leserinnlegg

Eit stort nyhende i fjor var at president Donald Trump sa at han godkjente Jerusalem som Israel sin hovudstad, og at han ville flytte den amerikanske ambassaden dit. Dei aller fleste statsleiarane gjekk imot dette, og i ein resolusjon i FN var det berre ni land som var for at Jerusalem skulle godkjennast som hovudstad i Israel. Er det desse som har rett?

Første gong vi les om Jerusalem er i første Mosebok. Presten i Salem kom patriarken Abraham i møte med brød og vin. Salem er eit gamalt namn for Jerusalem. Det var på fjellet Moria i Jerusalem at Abraham var i ferd med å ofre sonen Isak då Gud stoppa han. Frå då ser vi at Jerusalem er ein heilag by for Herren, men har mange gongar vorte jamna med jorda.


Netanyahu: USAs ambassade flyttes til Jerusalem innen ett år

USA skal flytte ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem innen ett år, sier statsminister Benjamin Netanyahu. Det hvite hus har uttalt at det vil gå minst tre år.

 

Etter at israelsfolket hadde kome heim frå fangenskapet i Egypt, så tok dei byen Jebus under leiing av Josva. Jebus er eit anna namn for Jerusalem. I første Samuelsbok kan vi lese at kong David overvann fienden sine portar. Han gjorde Jerusalem til hovudstad for om lag tre tusen år sidan. Sidan har byen ikkje vore hovudstad for noko anna land, men Israel har i mange hundre år vore okkupert av fiendemakter. Jødane vart bortført til Babylon i sytti år. Profeten Daniel bad dagleg med hovudet vendt mot Jerusalem, men kom aldri dit.

Fordi jødane forkasta sin Messias vart dei spreidde blant alle nasjonar i om lag to tusen år. Dei fekk oppleve forbanninga som det står skrive om i femte Mosebok. Dei bevarte språket og samhaldet, og minte kvarandre om eit ordtak: «Neste år i Jerusalem.» Gud hadde mange gongar gjennom profetane lova å gje dei landet og byen attende. Dette gjekk i oppfylling den 14. mai 1948. Gjennom eit vedtak i FN fekk dei løyve å reise attende.

Med ein gong gjekk fleire arabiske land til åtak på Israel. Seinare har det vore fleire krigar, men Israel har alltid sigra. Dei mest kjende krigane er Seksdagarskrigen (1967) og Yom Kippur-krigen (1973). No har femti år gått, og det er på høg tid at nasjonane godkjenner Jerusalem som Israel sin hovudstad. Det som har skjedd med Israel er i tråd med Guds plan. Vi må ikkje stri mot han! I Lukas evangeliet 21:24 står det skive: «Dei (jødane) skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot heilt til tida åt heidningane er ute».

Abbas: Trumps Jerusalem-anerkjennelse er århundrets slag i ansiktet

Palestinernes president Mahmoud Abbas kaller Donald Trumps beslutning om å anerkjenne Jerusalem som Israels hovedstad «århundrets slag i ansiktet».


Ein dag skal heile verda gå mot Jerusalem, men då skal dei vende om og ta imot Jesus som Messias. Han skal då kome attende på Oljeberget i Jerusalem og opprette fred i verda. Jesus skal då regjere som konge over kongane frå si trone i Jerusalem og Israel vert ei velsigning for alle nasjonar. Byen vert hovudstaden i verda og folk frå alle nasjonar skal reise dit og tilbe.

Hans Reite
Ørsta

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.