Leiar Roar Dyb Sandnes og nestleiar Sven Inge Molnes i Giske kommune sin helse- og omsorgskomite, skriv i eit tilsvar til meg at dei har 100 prosent tillit til det arbeidet som vert lagt ned av barnevernet i Giske, og byggjer det på tilbakemeldingar frå fagorgan.

Først stiller eg meg svært undrande til at nokon kan ha 100 prosent tillit til eit system og om det er ei sunn haldning frå ein politikar? Ingenting er feilfritt. Feil blir gjort overalt og nettopp derfor har vi kontrollorgan som både regelmessig og tilfeldig sjekkar system vi har tillit til. Eg kjenner meg trygg når eg skal ut å flyge, fordi eg veit at kvar ein skrue er sjekka før flyet lettar. Sjølv irriterande kontroll, som bilen min blir gjenstand for kvart andre år, er for min og andre sin tryggleik.

Tidligere innlegg om barnevernet i Giske:«Barnevernet – eit vern for kven?»«Full tillit til barnevernet»«Barnevernet vernar born»«Eit styrka barnevern»

Det som for meg blir uforståeleg, er at når eg ønskjer at ein viktig instans som barnevernet skal sjekkast for systemsvikt blir eg møtt med tausheit og motstand. At dette i tillegg blir oppfatta som mistillit er berre trist. Men når eg siste to åra har mottatt mange meldingar frå innbyggjarar som eg opplever bekymringsfulle, meiner eg det er grunn til å stille spørsmål, og det har eg gjort både i kommunestyre og formannskap. Når ein møter slik motstand begynner ein jo å lure på kvifor? Dessutan har jo vi mange døme rundt om i landet på at ting ikkje fungerer slik dei skal.

Seinast i september stod leiar og teamleiar i barnevernet i Giske fram i lokalavisa Øyblikk og vedgjekk at barnevernet har hatt ein del utfordringar over tid. Dei hevda at situasjonen var blitt betre. Det er positivt, men svarar langt frå ut utfordringane. Fylkesmannen sitt tilsyn i 2015 peikar også på ein del utfordringar.

Mi interesse for at barnevernet skal bli gjenstand for ein grundig gjennomgang handlar ikkje om manglande tillit, men eit ønske om å få på bordet det som nettopp kan vere utfordringane. Dette er ein klar fordel for barna og familiane som har eit behov for barnevernet sine tenester, og ikkje minst barnevernet sjølv, som er avhengig av innbyggjarane, politikarane og ikkje minst brukarane av barnevernstenestene sin tillit.

Når eg som folkevald blir kontakta av innbyggjarar som ønskjer at eg som politikar skal sjå nærare på saker som arealplanar, skule eller barnevern, held det ikkje å fortelje dei som har valt meg at det er unødvendig – for eg har «100 prosent tillit» til systemet.

Eg synest det er oppsiktsvekkande at leiar og nestleiar svarar meg og mitt engasjement, med at dei sjølve og dei andre medlemmane i helse- og omsorgskomiteen ikkje kjenner at mi uro ikkje er representative for dei. Eg sit ikkje i deira komite og representerer verken dei eller kommunen sin administrasjon. Eg representerer innbyggjarane i Giske kommune. Eg kan med handa på hjartet seie at eg ikkje er feilfri, men det skal ikkje stoppe meg frå å gjere jobben min som folkevald – også når det kjem til dei vanskelege sakene.

Ina GiskeKommunestyrerepresentant i Giske (Frp)

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.