Dette vil då gi ein flat eksportveg frå Ålesund til Åndalsnes. NHO har fatta poenget, men det ser ut som at kommunane ikkje har fått med seg kva som no blir spolert om K2 over Ørskogfjellet blir valt.

Skal trase K3 bli flat, må den førast i tunnel frå Vik til Tomrefjord og vidare senkast til under 100 MOH frå Tomrefjord til Fylling. Denne tunnelen må forlengast mot Fylling for å skjerme friluftsområdet kring Løklivatnet.

Ved Fylling kan det spanderast ny parkeringsplass og varmestove.

Slik vil det ikkje forringe, men heller forbetre friluftsområdet.

K3 1 er tenkt ført gjennom Dragsundet, Valle og Svorta mot Digerneset. Dette vil gje stor inngrep i bygningar og natur og tilføre bygdene endå meir trafikkstøy. Det er no teikna ein «brun strek» gjennom desse bygdene som då medfører at bustader i nærleiken vil falle dramatisk i verdi og bli umogleg å omsette.

Dette vil då også gje innsparingar som kan nyttast til forlenginga av «Fyllingtunnelen».

Statens vegvesen har flytta sitt traseval frå Ørskogfjellet til tunnel Tomrefjord-Fylling.

Viktigaste grunngjevinga er regionforstørring mot Molde. Når ein så får ein flat eksportveg nesten på kjøpet, så burde dette vere nok til å forlate K2 over Ørskogfjellet også for kommune- og fylkespolitikarane.

K2 over Ørskogfjellet er planlagt gjennom Solnørdalen. Dette er eit mykje sterkare verna område enn området kring Løklivatnet. Kva vil fylkesmannen seie til eit inngrep kring

Solnørvassdraget? Truleg vil det bli stoppa.