Indirekte dreier det seg om arbeidsvilkår, lønn og kviletid for sjåførane. Frå 2014 til 2016 minka transportarbeidet med norske lastebilar med tre prosent. I same tidsrom auka transportarbeidet med utanlandske lastebilar med over 30 prosent, viser nye SSB-tal. Ein stor del av auken skuldast vekst i tredjelandstransport. Vi har erfaring med polske og litauiske sjåførar. Dei neste kjem frå Filippinane. Latvia manglar sjåførar og har fått ja frå EU om import frå Filippinane. Gjennom dette Schengen-holet kan dei køyre fritt i heile EØS området. Fleire transportørar roper varsku. Dette må regjeringa ta på alvor. Det er viktig å sikre like konkurransevilkår. Her må ein vurdere spørsmål om næringspolitikk, konkurransevilkår, trafikksikkerheit og sosial dumping.

Kontrolltiltaka er i dag for dårlege. Det skulle vore krav til glattkøyringskurs for alle sjåførar som kjem hit. Vi veit at det kjem mange køyretøy dårleg skodd for norske vintervegar og fjellovergangar. Det skulle vore strengare grensekontroll, og meir overvaking. Vi krev oppfølging av følgjande tiltak:

• Innføre vinterførarkort med krav om gjennomført glattkøyringskurs for alle sjåførar.

• At obligatorisk bombrikke må koplast mot kredittkort.

• Styrke og betre samordninga av Tollvesenets, påtalemyndigheita, vegmyndigheita, biltilsynets og skattemyndigheita sitt arbeid mot transportkriminalitet, medrekna forslag som kan gjere handhevinga av reglene for påtale og førelegg lettare for kontrollmyndigheita.

• Vurdere tiltak for å ansvarleggjøre transportkjøpar, f.eks. ved å avgrense talet på ledd i kontraktskjeda for transportar.

• Tiltak for å sikre rekrutteringa av yrkessjåførar til buss- og lastebilnæringa, medrekna å vurdere utdanningskapasiteten.

• Følge opp intensjonen med å få på plass ein nettbasert registreringsordning for alle transportoppdrag i Norge som alternativ til eit europeisk register over alle kabotasjekøyringar.