I samband med desse sakene har vi fått vite at alkohol har vore ein viktig ingrediens i festlivet, både ein og hin fortel nettopp det.

Og om eg forstår det rett, så har statstilskot, skattepengane våre, øyremerka til politisk arbeid i ungdomsorganisasjonane, gått til innkjøp av alkohol på politiske samlingar. Dét er utruleg, det!

Den til dels «statsfinansierte» drikkevara har så ført til at iallfall to er «sjukmelde», Trond Giske og Kristian Tonning Riise. Og det har skaffa mykje upolitisk arbeid til partiformenn, generalsekretærar, statsminister og partiapparat elles, og vi ser at mange slit med å hugse, dei driv sjølvransaking, orsaking og plastrar vel så godt dei kan, og media/pressa gassar seg.

Og den «lovlege drikkevara» held fram som skadevaldar. Ein i dag i januar melde TV-en om fleire ungdommar, 14 til 17 år gamle, som låg på Narvik sjukehus på grunn av stort inntak av alkohol.

I samband med dette tenkjer eg: Kor mange av desse ungdommane var offer for aggressivt drikkepress? Ja, drikkepress, for der alkoholen er framme, er det oftast krav om at alle skal ta del. Å ha ein eller fleire som held seg edru på ein slik «fest», er ein uting, ei festbremse, alle må ta del. Difor tek maset til, eit utidig, idiotisk mas. Nei!, er ikkje eit svar som vert godteke, ein må ha ein særs god grunn for å ikkje drikke.

Merkeleg? I etterkant av den nemnde saka i Narvik stod nokre ungdommar fram på TV og fortalde om eit stort drikkepress. Eg las nettopp om ei jente som hadde lånt «gravidmage» til å feste på seg når ho skulle «ut», for i den tilstanden vart nei til alkohol godteke.

Å høyre til i flokken/miljøet, er umåteleg viktig i tenåra, det er noko alle veit. Når så alkoholen høyrer med i «festmiljøet» til ungdomspolitikarane og i dei små lokale samlingane på bygdene, ja, då møter dei unge eit stort drikkepress. Og eg spør, er kristne samlingar alkoholfrie? Utan drikkepress?

Eg veit ikkje korleis det vert undervist i dette emnet i ungdomsskulen/vidaregåande, men at det er eit viktig emne, det er sikkert.

Vi har sett kva verknad alkoholen kan ha på ein person, total endring. Og at alkohol vert konsumert, til dels mykje, det kan vi lese om til dømes i politinotisar i måndagsavisene.