I siste møte i samferdselsutvalet i fylkeskommunen vart det vedteke å flytte 6 av 20 ferjesamband i fylket opp to takstsoner. Vi som er brukarar av eitt av desse sambanda, Lauvstad-Volda, trudde dette måtte vere ein aprilspøk, på feil tidspunkt.

«Jeg tror folk er villig til å betale noe mer for å opprettholde et godt ferjetilbud» uttalte leiar i samferdsleutvalet, Kristin Sørheim, til Smp i høve vedtaket gjort i desember. Det kan verke som om leiar i utvalet burde ha meir kontakt med «folk» for å få vite kva «folk» meiner. For oss som er brukarar av dette sambandet er vedtaket om takstauke uforståeleg. I sakspapira i høve vedtaket i samferdsleutvalet ser vi at den vedtekne auken vert argumentert med at fylkesutvalet har «gjort økonomiske bindingar knytt til toferjeløysing på Stranda-Liabygda og utviklingsprosjekt for buss Ålesund-Giske».

Det vert gjort greie for at dersom buss skal verte brukt, må ein konkurrere på pris, og denne subsidieringa må nokon betale. Og kanskje det aller verste som vert brukt som argument for vedtaket: At prisauke på ferjereiser i liten grad gir utslag i endra reisemønster. Klart det ikkje gjer det. Der er ikkje andre alternativ!

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Gode fylkespolitikarar: Det er mogleg at «folk» kan vere villige å betale meir for gode tenester. Vi må alle bidra til å betale i fellesskapet, men då må kriteria for kven som skal betale verke rimelege. Skattlegging må skje på andre måtar enn å plukke ut nokre tilfeldige grendelag som skal finansiere andre sitt busstilbod og andre sine ferjeløysingar. Ferjestrekninga er vegen vår. Å legge ekstra avgift på vår «vegstubb» er som om det vert sett opp ein bomveg mellom Kleive og Hjelset der midlar skal øyremerkast finansiering av tunnel mellom Ørsta og Volda. Sjølvsagt vil det verke urimeleg for dei som bur i desse bygdelaga.

Vi som bur langs Voldsfjorden håpar inderleg at Samferdsleutvalet vil ta opp saka på nytt, og kome til eit klokare vedtak enn det som vart gjort i desembermøtet.

Bjørnar Sæterås Volda/Lauvstad

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.