Kommunane har ansvar for å yte helse- og omsorgstenester, men for dei innbyggarane der ressursbehovet er særleg stort, har staten eit ansvar for å toppfinansiere tenestene.

Når ressursbehovet for kvar brukar overstig eit visst beløp, skal staten bidra med deler av det overskytande. Denne toppfinansieringa fell bort når brukaren fyller 67 år.

Den noverande regjeringa har fleire gonger heva innslagspunktet for toppfinansieringa, og dermed gjort det økonomiske ansvaret som kviler på kommunane stadig tyngre.

Ved kvart statsbudsjett dei seinare åra har dette vorte påpeika som urimeleg, også av KS.

Ved statsbudsjettet i haust heva regjeringa innslagspunktet for refusjon med kr 50.000,- utover det lønnsveksten skulle tilseie.

I sum reknar ein med at staten på denne måten tok frå kommunane om lag 300 millionar kroner! Kommunane har også peika på at det ikkje finst logikk i at toppfinansieringa skal falle bort når brukaren vert 67 år.

Ved årsskiftet i år endra staten gjennom eit rundskriv på nytt vilkåra: I januar sende staten nemleg ut eit revidert rundskriv, der det går fram at kommunane ikkje lenger kan rekne sjukelønsutgifter i arbeidsgjevarperioden inn i refusjonsgrunnlaget. På denne måten sparer staten anslagsvis mellom ca. 200–250 millionar kroner. Dette er utgifter som kommunane no må dekke.

Kommunalminister Monica Mæland hevdar at det ikkje er skjedd endringar, berre ei presisering av gjeldande reglar. Mæland skriv: «Det har ikkje vore ordningens intensjon at kommunane skal få dekket utgifter til sykepenger i arbeidsgivarperioden».

Dette er ifølgje revisjonen heilt feil, ettersom direktoratet i sine rundskriv heilt fram til og med 2017 nettopp har tatt med eit rekneeksempel som syner at utgifter til sjukeløn i arbeidsgjevarperioden kan takast med i refusjonsgrunnlaget.

Endringa som er gjort gjennom årets rundskriv er såleis ikkje ei presisering, men ei endring av praksis. Ei endring som påfører kommunane eit tyngre økonomisk ansvar. Ser ein dette i samanheng med at regjeringa også årleg hevar innslagspunktet for toppfinansieringa, er det lett å sjå at dette vert tungt for kommunane å bere. Til alt overmål er det slik at denne endringa får tilbakeverkande kraft, ettersom refusjonane vert kravd inn vel eit år i etterkant.

For Stordal kommune utgjer redusert refusjon for 2017 i underkant av ein halv million kroner. 2017 er som kjent historie og det er uråd å gjere noko no med dei utgiftene vi hadde i fjor. Budsjettet for 2018 vart også lagt med ein føresetnad av at refusjonsgrunnlaget var i tråd med det som det «alltid» har vore.

Kommunane ønskjer å gi alle innbyggjarane sine gode og føreseielege tenester. Då må vi også har føreseielege og gode rammer. Det som no har skjedd med refusjonsordninga for ressurskrevjande brukarar, tilseier ein reaksjon frå eit samla Kommune-Noreg.

Eg har tatt kontakt med både KS og representantar for eige parti for å øve press på regjeringa slik at dette vert endra. Eg håper andre ordførarar og kommunepolitikarar gjer det same, for no er det på tide å reagere!

Eva HoveOrdførar i Stordal