Påbod til matvarebransjen om å donere overskotsmat til veldedige organisasjonar eller dyrefôr, lovfesta krav om utsortering av matavfall og plast frå både hushald og næringsliv og krav om at kommunale gjenvinningsstasjonar skal leggjast til rette for gjenbruk av produkt.

Vi i ÅRIM ser at den nasjonale avfallspolitikken heng saman med den lokale. Stortinget legg opp til ei miljøtenking og tenking rundt avfallshandtering på linje med den eigarkommunane til ÅRIM har vedteke i vår strategi. Eg kan kort nemne nokre av dei punkta fleirtalet i Stortinget ber om å få gjennomført:

• Ein samrøystes komité ber Regjeringa stille krav til utsortering og materialgjenvinning av plast og matavfall frå hushald og liknande avfall frå næringslivet.

• Fleirtalet i komiteen ber òg Regjeringa sikre at det blir lagt til rette for gjenbruk på gjenvinningsstasjonane rundt i landet.

• Fleirtalet ber dessutan Regjeringa gjennom denne meldinga om at det vert fremma eit framlegg om ny lov når det gjeld kasting av matavfall. Dei slår fast av den nye lova skal innehalde eit påbod om å donere all etande overskotsmat til veldedige formål samt påbod om å offentleggjere nøkkeltal knytt til matavfall og matsvinn i Norge.

I ÅRIM registrerer vi med glede at dei sentrale politikarane sett fokus på avfallshandtering og korleis vi best mogleg skal kunne ta vare på det avfallet vi kvar dag lèt etter oss. Det overordna målet er vi alle heilt samde om – at vi skal etterlate oss minst mogleg avfall.

Sirkulærøkonomi er eit sentralt omgrep i den strategien vi i ÅRIM arbeider etter. Sirkulærøkonomi er ein måte å tenke på der ein bruker ressursane fleire gonger og forbruker minst mogleg av det som let seg bruke ein gong til.

Konsernsjef Tafjord Kraft: «Sirkulærøkonomi er eit stort moteord no til dags»

Vi er glade for at eit samla Storting ser ut til å slutte seg til dette prinsippet når det gjeld avfallshandtering. Å utvikle ein sirkulær økonomi støtter opp under FNs berekraftsmål 12 om berekraftig produksjon og forbruk.

Meldinga Stortinget no har fått på bordet inneheld fleire framlegg til tiltak som støtter opp om berekraftsmåla, mellom anna om reduksjon av matsvinn og arbeidet med å redusere marin forsøpling og spreiing av mikroplast.

Den nye stortingsmeldinga er eit svært positivt bidrag til ei betre handtering av avfall i samfunnet vårt. Vi er svært forventningsfulle til arbeidet Stortinget no skal gjere, ikkje minst til korleis desse gode og ambisiøse måla skal omsettast i praktisk politikk.

Det nyttar!

Øystein SolevågDagleg leiar i ÅRIM

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.