Sula og Ålesund kommunar har siste året greia ut moglegheita for å bygge eit felles kloakkreinseanlegg inne i kvasnesfjellet i Sula kommune. Naboar og andre har mobilisert kraftig i mot dette. Frå kritikarane vert det i hovudsak  brukt miljøargument for å overtale opinionen om at dette ikkje er noko god idé. Her er sjølvsagt mykje følelsar i sving, og dei næraste naboane er også uroa for lukt og støy plagar.

Eg vil i dette innlegget forklare kvifor ein har gått vidare med å greie ut dette alternativet og historikken bak kloakkreinseanlegg i Sula.

Kloakkrammeplan

Sula kommune vedtok i 2012 ein kloakkrammeplan som skulle gjere det mogleg for kommunen å ta hand om kloakk/avlaup i Sula i tråd med dei lovar og føreskrifter som er pålagt i frå forureiningsmyndene. Sula kommune hadde tidsfrist på seg til å ha ein løysing klar innan 2015. Dette har ikkje vore realisert.

I prosessen med utarbeidinga av kloakkrammeplanen vart ulike alternativ utgreia, men kommunestyret landa i førre periode på eit primærreinseanlegg i Langevåg (mogleg plassering var yst i Sandvika) og eitt anlegg inne på Sunde.

Både plassering på Eikrem og alternativ plassering på Sunde vart vurdert.  Kommunestyret vedtok å plassere reinseanlegget på kommunal eigedom regulert til offentleg føremål på Olamyra som ligg eit stykke bortom ferjeleiet på Sunde.

Eitt reinseanlegg

Etter at administrasjonen starta arbeidet med reguleringsplan og med å utgreie dei tekniske løysingane, blei det tydleg at ein kunne klare seg med eitt reinseanlegg og pumpe kloakken i frå resten av øya til dette. Ei slik løysing ville totalt sett gi lågare driftskostnadar og igjen lågare avgifter til innbyggjarane.

Kvifor valde ein å plassere anlegget på Sunde og ikkje i Langevåg? Resipient-analyser viste at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgundfjorden, i tillegg til at ein sto i fare for å pådra seg ekstra  kostnadar for å tilfredstille framtidige skjerpa reinsekrav for utslepp i Borgundfjorden.

Ikkje hemmeleg

Arbeidet med prosjektering av anlegget på Sunde tok fatt. Dette skulle vere eitt anlegg opp i dagen, men med låg profil tilpassa terreng og omkring liggande natur. Her også med moglegheiter for sekundær reinsing.

Også her møtte kommunen motstand i frå naboar som ønska ei anna plassering. Prosessane som førte fram til denne løysinga har vore behandla i kommunestyret og alle planar og prosessar har vore offentlege. Det er ingenting som har blitt bestemt bak lukka dører eller i hemmelege møter som det blir hevda i frå enkelte. Administrasjonen har følgt opp politiske vedtak og arbeid ut i frå desse.

Undervegs i arbeidet med å etablere reinseanlegget på Sunde, fekk Sula kommune ein administrativ førespurnad frå Ålesund der dei ynskja å greie ut moglegheita for eit felles anlegg. Det blei raskt konkludert med at eit slikt anlegg måtte vere inne i fjellet. Kommunestyret gjorde då vedtak om å sette eigen plan på vent medan ein utgreia moglegheita for ei slik felles løysing.

Florerer med påstandar

Vel vitande om at Sula ville bli ytterlegare forseinka med å innfri dei krav som kommunen hadde blitt pålagd, meinte fylkesmannen at ei slik felles løysing villa ha så pass store positive konsekvensar for miljøet, at ein tillèt ei slik utgreiing. Sula er i dag ein av 2 kommunar i Noreg som ikkje har godkjent løysing for reinsing av kloakk og avlaup.

Undervegs i arbeidet med å utgreie moglegheitene for fjellanlegg i området mellom Kvasneset og Sunde, kom det fram at Kvasnesfjellet ville vere ei betre plassering med tanke på dei tekniske utfordringane/løysingane med å føre avlaupet fram til reinseanlegget.

Kommunane fekk eit konsulentfirma med den naudsynte kompetansen til å utgreie vidare moglegheitene for å etablere eit slikt anlegg inne i Kvasnesfjellet. Denne rapporten skal i lag med resipient og strøymings -analysar, geologiske undersøkingar, luktanalysar og forslag til tekniske løysingar og reiseteknologi, danne grunnlaget for eit eventuelt politisk vedtak i både Ålesund og Sula.

I ulike medieutspel, lesarinnlegg og ikkje minst på sosiale media, florerar det med påstandar om kva som kjem til å vere konsekvensane av eit slikt anlegg. Eg har full forståing for at folk er uroa og bekymra, men politikarar og administrasjon MÅ  basere sine avgjersler på faglege og vitskaplege råd.

Vil ha fjellhall

Vi ønskjer sjølvsagt at ulempene frå naboar og miljøet skal vere fråverande eller minst moglege. Difor ynskjer vi fjellhall og difor ynskjer vi betre reinseteknologi enn det som er lovpålagt. Ja det blir ulemper for naboar i anleggstida, men når fjellanlegget står ferdig blir det ei pipe på 20 meter som kjem opp gjennom toppen av fjellet, og ein port stor nok til at ein lastebil kjem seg inn ved fjellfoten. Eit administrasjonsbygg med nokre parkeringsplassar på utsida vil også vere synleg.

Ein ny veg med fortau og gatelys vil bli etablert heilt fram til anlegget og vel så det. Dette vil i lag med oppgradering av anna teknisk infrastruktur, legge forholda til rette for vidare utbygging av eit område som har vore utilgjengeleg for utbygging i mange år.

Anlegget blir i nasjonal samanheng eit beskjeden anlegg. Anlegget skal i byrjinga ta hand om avlaupet i frå 40-50 tusen PE (person ekvivalentar), og opp mot 70 tusen PE fram mot 2050.

Utsleppa som dette anlegget skal handtere, går i dag meir eller mindre ureinsa ut i Borgundfjorden og Storfjorden. Dette anlegget vil bidra til ei forbetring og ikkje ei forverring av miljø og vasskvalitet, uansett om lokaliseringa blir på Kvasneset, Sunde eller midt i mellom.

I tida framover må ein no sørge for at ein får fakta på bordet slik at både politikarar og innbyggjarar kan vere trygge på at dei val ein gjer er riktige, fornuftige og framtidsretta.

Ålesund og Sula kommuner møter protester mot planene om å slippe rensa kloakk ut i Storfjorden ved Kvasneset. Foto: Staale Wattø.