AP har lojalt følgt Pedersens oppmoding, og dei andre partia på venstresida, inkludert KRF, ser ofte ut til å gjere det same.

Ein får det inntrykket at media og politikarar konkurrerer om å sverte Sylvi Listhaug og kaste mistanke over hennar sympatisørar.

Når justisministeren tek imot blomar, poengterer NRK at nokre av dei er frå høgreekstremistar og M. Thorkildsen (SV) kallar andre avsendarar rasistar.

Uheldig

Bakgrunnen for denne vanvitige situasjonen er regjeringa sitt framlegg om å fengsle og ta passet frå IS-medlemmer med norsk statsborgarskap, eit forslag AP, KRF og dei andre venstrepartia nekta å støtte.

Biletbruken og ordvalet i Listhaug sitt etterfølgjande FB-innlegg var uheldig. Sjølvsagt trur ingen at AP eller andre parti støttar terroristar, men likevel kan politikken deira føre til at dei ufrivillig gjer nettopp det. Det gjeld å vere føre var for å hindre terror i landet, det er bodskapen i Listhaug sitt innlegg.

Når så AP, KRF og resten av venstresida vurderer rettane til potensielle terroristar som viktigare enn å minske terrorfaren ved å fengsle dei, signaliserer dei at omsynet til tryggleik for folket tel minst.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ein føreset sjølvsagt at fengsling av potensielle terroristar blir oppfølgt av vanleg domstolshandsaming for å avgjere skuld eller ikkje.

«Vi lever i ein rettsstat!» torar politikarane mot H og FRP. Rettsstat for kven, IS-medlemmene eller innbyggjarane i Noreg?

Utøya

Saka handlar om ein organisasjon som har vist seg villige til dei mest bestialske handlingar. Dei har brent folk levande, torturert, valdteke, med kniv skore hovudet av fangar, lært småborn opp til å drepe og pine dyr og folk. Det er altså ikkje søndagsskulegutar Listhaug vil fengsle for å trygge samfunnet. Det har PST forstått, mange av oss vanlege folk på grasrota skjønar det, men ikkje AP, KRF og resten av venstresida.

I staden har dei gjort det til eit spørsmål om Utøya! Det er då nettopp for å hindre nye terroråtak at fengsling av potensielle terroristar er nødvendig! Det gjeld å aldri meir oppleve eit nytt Utøya!

Sjølv om AP vart særleg hardt råka 22. juli, var ALLE einige om at det var først og fremst eit åtak på demokratiet, og det er nettopp demokratiet som no kjennest truga ved tilbakekomsten av IS-medlemmene.

Kjernen er viljen til beredskap, ei sak der AP så katastrofalt har feila.

To standardar

I 1940 stod norske soldatar hjelpelause og nesten våpenlause overfor verdas sterkaste militærmakt, AP hadde ansvaret. Etter Utøya felte Gjørvkommisjonen ein flengande kritikk mot den raudgrøne regjeringa. Truleg kunne tragedien vore mindre om regjeringa Stoltenberg hadde tatt beredskap på alvor.

At den same Stoltenberg no er sjef for beredskapen i NATO er ikkje særleg tryggande.

Saka demonstrerer at det er to standardar som gjeld, ein for venstresida og ein for den Listhaug høyrer til, m.a. for retorikk.

Fillerista

Listhaug blei fillerista då ho brukte ordet monster om personar som på det grovaste mishandlar born. Venstresida, NRK og media elles kokte av indignasjon, men her er nokre utsegn om Listhaug som knapt blir registrert i same media eller politiske miljø:

«Listhaug er et hatspredende menneske som pisser på oss. (AUF-leiar), ho er som et barn som ikkje forstår (Sp), nettroll, nazidame, fascist, dotter til mannen-med-ljåen, heks, djevel».

Støre nører opp under striden, og prøver å stå fram som moralens vaktar, han vil til og med bestemme ministerpostane i regjeringa Solberg, og han set store krav til Listhaug både når det gjeld retorikk og framferd.

Det er ikkje lett å setje same krav til eigen person og at han no nyttar høve til å få merksemda bort frå seg sjølv som valtapar, løgnar i saka om kontakt med terrororganisasjonen Hamas, mottakar av dyre teppe i Afghanistan, feigheit i karikaturstriden og «grumsete» investeringar.

Eit språk folk forstår

Kokt ned ser dei fleste at det heile handlar om å kvitte seg med Sylvi Listhaug.

Ho er den første politikaren etter Hanna Kvanmo (SV) som brukar eit språk folk forstår, ulikt tåkefyrsten Støre og dei andre i politiske skoddeheimen som har gått på kurs og lært å snakke slik dei slepp å bli stilt til ansvar.

Listhaug forsvarar norske verdiar og tradisjonar, usmakeleg for dei politisk korrekte, til dømes SV som vil endre nasjonalsongen.

No har Sanner, Solberg og Listhaug bede om orsaking, men det er ikkje nok for den store hopen.

Ei kvinne frå Ørskog eg møtte, sa det minner om påska og ropet «korsfest, korsfest!»

Til slutt: No ventar eg meg hatefulle, anonyme brev som så mange gonger før når eg har forsvart til dømes rovdyr, nynorsk, skulegudsteneste, norsk sjølvstyre og likestilling.

Reidun Klock Tjervåg Foto: Alexander Worren