For snart eit tiår sidan vart det slått fast med skremmande tyngde at der var 110 telehivpunkt. Og det på ei 12–14 kilometer lang strekning. Ingen har brukt meir enn ord for å heve standarden.

I desember 2016 vart det markert med hurrarop og glade, musikalske tonar då Ljøvegen mellom Stranda og Sunnylven vart erklært fri for skredfare. Også her var det snakk om ei årelang venting på den siste av tunnelane på den 13 kilometer lange strekninga mellom Røyr og Hellesylt, skulle bli igangsett og fullført.

Framleis står ein parsell i Hornindal att før fylkesvegen har nådd ein akseptabel standard. Også det vart poengtert i samband med den etterlengta snorklippinga midtvegs i den 3.690 meter lange Ljøtunnelen.

Eit interessant, men også alvorleg faktum er at det frå nær sagt alle hald blir fortalt om kor elendig det står til med vegen. Like fullt har ein ikkje kome nærare ei løysing.

Sterke argument er brukt for å streke under behovet for at noko må skje:

• Ordførar Jan Ove Tryggestad i Stranda slo fast på ein vegkonferanse for snart tre år sidan at det «ikkje er gjort det steike støv» på dei 35 åra sidan han pendla strekninga i Hornindal for første gong. Og konsernsjefen hos Ekornes, Olav Holst-Dyrnes, fylgde opp med å slå fast at «Vegen kan godt kallast for ein krøtersti». Ekornes har daglege transportar mellom Hornindal og Sykkylven og transporten «slit på folk og utstyr».

• Frank Sve, samferdslepolitikar i Møre og Romsdal, meiner det beste vil vere at staten tek tilbake vegen.

• Fylkesordførar Jon Aasen skapte optimisme med sin kommentar om at Møre og Romsdal fylke ville få fortgang i arbeidet med å ruste opp fylkesvegen. Han tok atterhald om at Hornindal og Volda vart slått saman til ein kommune. No er det komande hopehavet snart ein realitet. «Dette må vi berre få til», sa Aasen om vegsaka då. Og la til at «Vi har ikkje råd til å la vere». Det er grunn til å vente på framhaldet.

Sjølv meiner eg at utgiftene i første rekke må bli dekte av Sogn og Fjordane – og før fylket blir ein del av storfylket Vestland. Politikarane har gjort vegen til ei skumil i altfor lang tid, og bør ikkje bli friteken for det ansvar som mange meiner er rettkome.

Det er vel og bra at fylkesordførar Aasen i grannefylket i nord vil gripe tak i saka, men det skal ikkje vere rett at kostnaden må kvile på Møre og Romsdal, i alle høve ikkje åleine. Og om sør-grannane ikkje vil dekke kostnaden med dette rettkome kravet, – ja, så får det bli opp til det nye Vestland å gjere det som gjerast må.

Les også: Her kan det bli ny asfalt i år

Det er slått til lyd for bruk av bompengar. Dette bør vere enkelt å skuve til side. I fleire tiår har ein slite med ein riksveg og no fylkesveg som det knapt finst maken til. I lang tid var her mest ikkje framkomeleg i djup gjørme, noko betre vart det etter at oljegrusdekke tok over. At her kom asfalt pynta litt på den fortviling som i første rekke dei ofte brukarane føler.

Vegen er viktig for næringslivet. Dagleg blir han trafikkert av trailerar med bl.a. pizza, møblar, fisk og kjøtvarer. Også turistnæringa ser fram mot ei trygg vegstrekning. For cruisetrafikken t.d. handlar det i sommarsesongen om fram imot 1.500 bussgrupper frå flytande hotell på Hellesylt.

Strekninga mellom Grodås i Sogn og Fjordane og Røyrhus bru i Møre og Romsdal er politikarane sitt ansvar. Punktum!

Helge SøvikTidl. redaktør i Sunnmøringen

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Helge Søvik Tidlegare redaktør i Sunnmøringen. Foto: Roger Engvik