Bokbåten Epos sig inn til ein kai. Bokbåtkontakten står klar. I god tid. Med trillebår og tre bokkassar oppi.

For denne personen og dei tre andre fastbuande, og for eit dusin hyttefolk, er dette eit høgdepunkt. To gonger i året kjem Vestlandet sitt flytande bibliotek, Epos,  og bøkene.

Skal me ikkje ta oss råd til dette i eit av verdas rikaste land? Desse to stoppa i året, på til saman 3 timar er det einaste denne mannen får av velstandsnoreg. Han kjøper ikkje sponsa operabilletter eller teaterbillettar, men han administrerer bokutlån på øya og han har stor innsikt i og glede av litteraturen.

Skal me unna han, og dei mange andre som bur kring i bygder og på øyar i Hordaland/Sogn og Fjordane og i  Møre og Romsdal denne vesle kjensla av luksus to gonger i året?

Då me la til kai i Kolbeinsvik i dag tidleg stod samtlege born frå 5 til 13 år på rekke og tok bølga. Også her var det eit av årets høgdepunkt. Tenk det! Sjølv er eg privilegert og får vere med som kulturinnslag. Eventyrforteljar. Frå havn til havn 120 born ein stad 78 eller 12 ein annan stad ... eg er ein del av årets høgdepunkt! Nei den kjensla kan knapt skildrast.

DETTE MÅ ME HA RÅD TIL I NOREG. Bokbåten Epos er unik. Den er kjærkomen og den er med på å utjamne kulturkronene våre.