Å skape eit samfunn der ein kvar kan elske kven han eller ho vil, er ikkje noko som er reservert store byar. Det er vårt felles ansvar. Og i dag går vi for å vise at fridommen til å vere og elske kven vi vil, alltid vil vinne over kreftene som hevdar noko anna.

Når alle veit alt, er det ingen stader å gøyme seg. Og då kan løysinga verte å gøyme seg bak noko ein ikkje er.

Slik vil vi ikkje ha det. Difor gler vi oss til å gå i Noregs fyrste Bygdepride i Ørsta og Volda. I dag gøymer vi oss ikkje i einsemd, men syner i staden fram kjærleiken i fellesskap. Retten til å vere annleis er ein sentral del av fellesskapen. Vi er oss sjølve, og vi er det saman. Det skal ikkje vere naudsynt å flytte til fridom, vi kan krevje vår fridom akkurat her vi bur.

Skal vi oppnå fridom for kvar einskild må vi ta ansvar for kvarandre. Det gjeld også fridomen til å elske kven vi vil.

Over heile verda får vi nyhende om forfølging, fengsling og trakassering. Noreg er eit av verdas beste land å bu i, også for LHBTI+-personar. Det skal vi vere stolte av og byggje vidare på. Det gjev oss også eit ansvar for å gå føre. Å elske er ein menneskerett uansett nasjonalitet, religion og kultur.

Uansett om du bur i ein stor by, eller ei lita bygd der alle kjenner alle. Uansett kven du er og kven du elskar.

Vi er stolt og glad for at det vert skipa Bygdepride i Ørsta og Volda. Dei går føre og viser veg når det gjeld toleranse, fridom og mangfald også når det gjeld kjærleiken. Vi vonar du blir med og går for å vise at fridomen til å vere som ein er, alltid vil vinne over kreftene som hevdar noko anna. Vi går ikkje berre for Ørsta og Volda. Vi går for alle samfunn, små som store. Vi vonar gatene vert fylt med von og kjærleik i kveld og gler oss til å gå saman med dykk

Finst det ein betre måte å bruke ein maidag på enn å feire kjærleiken?

Trine Skei GrandePartileiar (V) og Kulturminister

Jon Georg DaleLandbruks- og matminister (Frp)