Gjennom fire dagar har kjærleik og mangfald prega oss. Dette vart ein festleg og fargerik folkefest!

Innbyggjarane i Ørsta- og Volda kommune har vist overfor heile Noreg at bygdene er ein god stad for alle, uansett legning.

Tusen takk til alle sponsorane våre, private gjevarar og ikkje minst dei frivillige. Denne festivalen hadde aldri blitt til utan deira innsats.

Våre medarrangørar og samarbeidspartnarar har med si erfaring, sitt enorme engasjement og ei stor dose tolmod hjelpt oss og fylt desse dagane med godt program.

Bygdepride var ikkje meint som ein vervekampanje fordi vi ynsker å verte fleire. Vi ynskjer at dei som er skeive skal kunne leve sitt liv på sin måte.

Bygdepride var Ørsta/Volda Pride og store delar av Ørsta og Volda og regionen rundt sitt svar på dei haldningane, utspel og usanningar som har vorte fremja gjennom ulike lesarinnlegg og i debattar. Dette er haldningar vi ikkje lenger berre kunne oversjå. Vi håper dei som har kome med desse utspela har sett at bygda ynskjer eit samfunn med mangfald.

No ynskjer vi at dei gode haldningane, dei store smila, mangfaldet og godheita fortettar. Kjærleik er kjærleik.

Igjen tusen takk!

Pride er definitivt best på bygda!

Varme helsingar frå styret i Ørsta/Volda Pride