119 kommunar skal slåast saman til nye, større kommunar. Sju av samanslåingane er mellom nynorskkommunar og kommunar som er rekna som bokmålskommunar eller språknøytrale kommunar. Slik er det med samanslåinga av kommunar til nye Ålesund kommune.

Noregs Mållag krev at desse kommunane får ekstra støtte til å fylgje opp ansvaret sitt med å take vare på nynorsken.

Språkbruken i kommunane har mykje å seie for den språklege framtida for nynorsken. Når tidlegare nynorskkommunar vert slegne saman med kommunar med mindre nynorsk, må den nye kommunen halde fram med å bruke nynorsk og ha ein medviten språkpolitikk.

Dette er særleg viktig for nynorsken og nynorskbrukarane, som er i mindretal nasjonalt og i mange tilfelle kan verte i mindretal i den nye kommunen. Språkarbeidet i ein kommune krev arbeidstid, kurs og investeringar, men i større mon gode rutinar og språkleg medvit. I desse kommunane trengst det også ei særleg satsing og ekstra støtte frå staten si side.

I fleire av fylkessamanslåingane ser me at nynorsken kjem i små mindretal. Dette gjeld fylke der nynorsken allereie har eit sterkt bokmålspress, og det vert ekstra viktig å sikre nynorsken i respekt for mindretalet i dei nye fylka.

Landsmøtet i Noregs Mållag vil trekkje fram tre tiltak Kommunal- og moderniseringsdepartementet kan setje i verk for å stø kommunane og fylka som står midt i samanslåingsarbeidet.

Tiltaka vil vere med på å sikre at nynorsken ikkje kjem svekt ut av kommunesamanslåingane, som var eit krav frå kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget då kommunereforma vart handsama:

1. Eigne samlingar for nye kommunar og nye fylke for å sikre tenleg nynorskbruk etter samanslåing.

For å sikre at fellesnemndene, kommunestyra og fylkestinga planlegg for å sikre nynorsken både i administrasjonen, informasjonen til innbyggjarane og i drift til dømes knytt til skulen, kan slike samlingar avklare problemstillingane og korleis ein praktisk løyser dei.

2. Økonomisk støtte for å sikre gode overgangsordningar og ordningar for nynorsken.

Stortinget har løyvd pengar til overgangsordningar for kommunane og fylka. Det bør også stillast midlar til rådvelde for å lage og setje i verk språkbruksplanar, kurse tilsette og sikre midlar til at nynorskelevane ikkje vert råka av samanslåingane.

3. Utgreiing for å sikre gode nynorskkommunar i framtida.

Kommunal- og regionaldepartementet bør lage ei utgreiing som ser om det er mogleg å innføre eit tydelegare regelverk, tydelegare rettar og planverk, og politikk rundt det å vere ein nynorskkommune. Regelverket bør innehalde fleire statlege gode for å vere ein nynorskkommune, og medføre tilsyn for å sjå til at innbyggjarane får oppfylt rettane sine.

Magne Aasbrenn Foto: presse