«Kampen om Bjørke – Senterpartipolitikk i praksis»

Eg ser i media at Ørsta kommune sender brev til Kommunalministeren for å torpedere dei unge og Fylkesmannen sitt ynskje om at Bjørke bør overførast til Nye Volda kommune der dei hentar alle sine tenester.

FLYTTING: Bygda Bjørke inst i Hjørundfjorden.  Foto: Knut Arne Aarset

Ytring

Åm må sikkert ha gløymt at han den 26.09.17 sa seg nøgd med at Fylkesmannen som ein uhilda person tok over saka. No vil han til Oslo og prøve om kommunalministeren er meir uhilda, om ikkje vil Jenny Klinge ta Bjørxit innfor Stortinget.

Det kunne vore komisk om det ikkje var så viktig for dei unge som har etablert seg i bygda, deira born, og også vi gamle som gjerne vil fortsette å bu i husa våre, om nødvendig med heimesjukepleie som vi kan få på Grodås. Det er 15 minutt køyring, mot ein time og 15 minutt frå Sæbø og 45 minutt frå Ørsta. Ei hending for tre veker sidan viser kor meiningslaust det er at Bjørke ikkje har rett å hente livsviktige og andre tenester i den kommunen som ligg nærmast, fordi vi høyrer til Ørsta kommune.

Kona fekk store smerter i hovudet og eg ringde legevakta og forklarte symptoma. Dei sende ambulansen med blålys, for dei frykta for hjerneslag. Ambulansen var på tunet på 30 minutt, men så nemnde dei galskapen med å bu på Bjørke og høyre til Ørsta kommune. Dei hadde ikkje lov å stoppe i Volda med ein pasient frå Ørsta kommune, dei måtte køyre til Ørsta legesenter for undersøking og så køyre tilbake til Volda sjukehus.

At ho har fastlegen i Volda og brukar Volda legesenter var likegyldig, dei hadde streng instruks og kunne ikkje fråvike den.

Ville eg protestere måtte eg ta det med høgare instansar. Ved hjerneslag, og også hjarteinfarkt og ulukker tel minutta så det var ingen tid til krangling, den potensielle slagpasienten vart køyrd forbi Volda sjukehus, vidare 15 minutt til Ørsta, så 10 minutt til undersøking og så 15 minutt tilbake til Volda sjukehus der ho vart innlagt til observasjon i to døgn.

Heldigvis var det ikkje hjerneslag, elles hadde ho vore skada for livet eller død.

Denne praksisen er mellom anna det våre valde representantar i Ørsta senterparti vil mobilisere Stortinget for å behalde dersom departementet kjem til same standpunkt som Fylkesmannen og dei unge vaksne.

Tapet av Kvitegga og nokre stupbratte fjellsider langsmed fjorden der det ikkje har vore krøter eller folk på 30 år er vikarierande argument for å skjule at det ikkje finns positive argument for å hindre dei unge i å gå over til Nye Volda kommune med borna, skattepengane og røysteretten sin.

Med 15 millionar i aksjeutbytte for året utan utgifter betalar Tussa fleirbrukshallen på 10 år og med 2–300 arbeidsplassar basert på Tyssefossen i tillegg bør Åm og kompani bremse grådigheita si og takke Bjørke for dei mange hundre millionane Ørsta har fått frå Bjørke sine naturresursar gjennom 50 år.

Med Kvivsvegen, grensejusteringa og Grodås 18 minutt frå Bjørke sentrum har Storfjorden for første gang i historia fått eit sørvissentrum like nær som andre bygder, det bør ikkje saboterast med intrigar og maktovergrep.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!