Lesarinnlegg:

«Jo større, jo mindre demokrati»

Professor ved Universitetet i Oslo Lawrense Rose har saman med professorar frå Sveits, Nederland, Storbritania og Danmark forska på kommunestorleik og lokaldemokrati.

NYE ÅLESUND: Ivar B. Roald på Vigra er kritisk til om politikarane i Nye Ålesund vil greie å lese gjennom alle dokument til kvart kommunestyremøte. På bildet ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, som er ein forkjempar for kommunesamanslåing.  Foto: Morten Hjertø

Dei politikarane i store eller middels store kommunar som seier at dei har god kunnskap om sakene dei gjer vedtak i, snakkar ikkje sant

Ytring

Resultatet var at jo større kommune jo dårlegare demokrati. Dette resultatet er sjølvsagt. Ein kan og seia det på ein annan måte: Jo mindre kommune, jo betre folkestyre/demokrati.

Eg las i Smp: «36 saker og 2.200 sider med dokumenter skal behandles i bystyret i Ålesund på torsdag. Flere store reguleringssaker er blant disse.»

«Denne dokumenthaugen er for stor, slo Høyres Monica Molvær fast i starten av bystyremøtet». Ja, klart den er for stor, men Monica Molvær går inn for å slå Ålesund saman med fire andre kommunar. Då blir dokumenthaugen mykje større.

Aps Henriette Bryn på sin facebookstatus: «Kjenner det er litt ugreit med motivasjonen når jeg ser at bystyrepapirene denne gangen teller 2.200 sider. Spør meg selv om det er noen som prøver å «lure inn» noe, og satser på at vi ikke oppdager det?» Nei, eg trur ikkje nokon prøver å lure inn noko. Skal ein ha god kunnskap om ei sak må ein ofte ha mange sider dokumentasjon.


Kommunestyremedlemmane får dokumenta ca. ei veke før kommunestyremøtet. Ein folkevalt kommunestyremedlem har ikkje moglegheit til å studere og skaffe seg innsikt i så mange dokument. Eit kommunestyremedlem skal gjere vedtak i saker som angår folket. Dei kan ikkje lite på at alt som står i dokumenta er rett. Derfor må opplysningane dei får frå administrasjonen kontrollerast, og då vil talet på dokument auke.

Om litt skal Ørskog Skodje, Harm og Sandøy kommune inn i Nye Ålesund kommune. Kvar av desse kommunane har til kvart kommunestyremøte, for å vere forsiktig ca. ti vedtakssaker. For å belyse desse følgjer det med dokument, kanskje fleire hundre. I nye Ålesund kommune kjem desse i tillegg til dokumenta i dagens Ålesund. Resultat: Jo større kommune, jo dårlegare folkestyre/demokrati.

Dei politikarane i store eller middels store kommunar som seier at dei har god kunnskap om sakene dei gjer vedtak i, snakkar ikkje sant.

Så ser vi at mange politikarar har stemt for å gjere kommunane større. Ja, det ser ut til at der nesten ikkje er grenser for kor stor dei vil at ein kommune skal vere. Dette er politikarar som ikkje ser kor viktig det er å ha eit godt folkestyre eller demokrati. Dette er politikarar som ser ut til å mislike demokrati. Dette må ansvarlege politikarane ta på alvor. Sakene dei gjer vedtak i handlar om menneske.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!