La meg seie det på ein annan måte. Slik eg gjerne ville sagt det til mormor, då blir det nok mykje penare: Har du høyrt kor utruleg stygt enkelte ungdommar kan prate no til dags?

Eg veit eigentleg ikkje kva ho hadde svart, ho har nok ei aning, men ho begrip nok ikkje kor ille det faktisk er. Uansett så hadde det blitt ein interessant diskusjon. Det er mormor god på, diskusjonar. Ho hadde nok spurt meg korleis nokre av kompisane mine snakkar. For å seie det slik, eg kunne nok ikkje vore heilt ærleg og samtidig fått behalde arven min …

Banning og dritslenging

Slik som ungdomsspråket er i dag hadde det ikkje vore ei stor overrasking om eg mista arven min på den måten. Det som faktisk er overraskande er kor mykje banning og dritslenging det er i ungdomsspråket.

Eg trur faktisk at enkelte ungdommar kan banne i nesten kvar einaste setning.

Då er det vel like så greitt at mormor ikkje får høyre kva vi ungdommar faktisk seier. Det betyr derimot ikkje at det er greitt at vi ungdommar snakkar slik som vi gjer. Om ho hadde fått høyre korleis ungdommar snakkar seg imellom hadde nok beskjeden vore klar: vask munnen dykkar med grønsåpe! Ho har nok eit poeng. Ungdomsspråket kan i beste fall kallast ufint.

Samanliknar ein språket blant ungdom i dag og for 50 år sidan ser ein stor skilnad. Det same ser ein dersom ein ser på straffa for stygg språkbruk i dag og for omtrent 50 år sidan. På den tida kunne ein risikere å få attsitjing og det som verre var, melding heim til foreldra. Hadde det vore slik i dag kunne enkelte elevar like gjerne ha busett seg på skulen.

Horer og homoar

Ein må vel berre innsjå at språket forandrar seg heile tida. Vi snakkar ofte om korleis språket vårt går sakte men sikkert mot engelsk. Burde vi heller snakka om korleis vi brukar språket?

Det strir mot all fornuft at alle jenter er horer, at alle gutar som er «annleis» er homo og at alle strenge lærarar er kjerringar. Under ein treningskamp eg nyleg spelte mot eit damelag frå byen rota motstandaren bort ein avgjerande målsjanse.

«Fitte!» gjalla det mellom takbjelkane. Den som ropte var damespelaren sjølv.

Språket blir fattigare når vi vel å beskrive kvarandre og hendingar vi opplever på denne måten. Sjargongen vi nyttar for å uttrykke oss er både meiningslaus og uakseptabel.

Få slutt på det

Eg kunne ha brukt eit skikkeleg røft ungdomsspråk for å overtyde deg som leser, men eg gjer det ikkje. Det hadde blitt ei særs stygg avslutning på ein tekst eg vil skal ha eit sterkt bodskap. Eg vil ikkje vaske vekk fornufta i teksten med slike stygge ord. I staden vil eg at folk skal byrje å tenkje over kor utruleg stygt dei snakkar til tider.

Det må vi begynne å gjere no. Vi må få slutt på all den driten vi ungdommar spyttar mot kvarandre. Denne teksten har blitt mi verbale grønsåpe. Dersom mormor vil kan ho gjerne vaske munnen til enkelte ungdommar med skikkeleg grønsåpe, det hadde nok gjort susen det òg. Ein kan ikkje krevje at alle ungdommar skal slutte å banne. Det vi derimot kan gjere er å stille krav til korleis vi snakkar til og om kvarandre. Mest av alt må vi tenkje på mottakaren, den som får driten slengt mot seg.

Vask heller vekk den driten med litt såpe frå mormor, og sei noko fint i staden!

– Det strir mot all fornuft at alle jenter er horer, at alle gutar som er «annleis» er homo og at alle strenge lærarar er kjerringar, skriv artikkelforfattaren, 16 år gamle Elias Grebstad Senneset. Foto: privat