Kantslått langs vegane

«Ein trussel for humlene?»

Vegkantane våre er rike på blomster, både vanlege og sjeldne, og forfattaren av innlegget meiner dei burde bli spart for kantslått, mellom anna av omsyn til innsektslivet.

Blomsterflor: Vegantane våre er rike på blomster, både vanlege og sjeldne, og forfattaren av innlegget meiner dei burde bli spart for kantslått, mellom anna av omsyn til innsektslivet. Foto: Knut Arne Aarset 

Kvifor skal ein slå vegkantane i beste blomstringstida?

Kjell Mork Soot

Kjell Mork Soot. 

Leserinnlegg

Statens vegvesen er no i gang med eit arbeid som nok stort sett gjer meir skade enn nytte viss ein tenkjer på samspelet i naturen. Eg siktar til kantslått langs vegane.

I media har det siste åra vore mykje merksemd om at humle- og biebestanden har gått tilbake. Det har gått såpass langt at folk er blitt oppfordra til å lage bol for humler og ulike bieartar for å få opp bestanden.

Grunnen til tilbakegangen har ein vore meir usikker på. Det er tippa på så mangt, mellom anna er nemnt mangel på gode bolplassar. Noko som også kanskje er viktig for tilbakegangen, kantslått, er ikkje tenkt på i det heile.

Lagar ein kasser eller bol for humler osv., er eg redd for at det ofte er fåfengt, for mange av desse nytteinsekta blir drepne under kantslåtten. Denne slåtten tek til i beste blomstringssesongen langs vegane.

Humler og bier trekker langt av garde for å finne plantar med pollen til yngelen eller blomstersaft for å lage honning. Dei søkjer gjerne til opne, solrike vegkantar der ein ofte finn eit rikt planteliv.

Svartelistet treslag sprer seg overalt – Ålesund prøver med ringbarking

Dette er ikke hærverk

Den sprer seg i høyt tempo, og er nesten umulig å bekjempe. Men man kan ikke gi opp.


Heile 80 prosent av dei norske blomsterartane finn ein ved vegkantane, men kantslåtten og grøfterensen har redusert desse kraftig dei siste åra, så det biologiske mangfaldet er mykje dårlegare no enn før.

Ein kan vel seie at til ei viss grad har vegkantane fram til no erstatta blomsterengene, som er blitt sjeldne i Noreg etter at jordbruket er lagt mykje om siste åra. Mange blomsterartar er nesten forsvunne frå vegkantane, slike som var vanlege langs vegkantane tidlegare. Eg kan i farten nemne prestekrage, blåklokke, revebjølle og kongslys.

Viktige blomsterartar for humlene og biene, som m.a. tiriltunge, kvitkløver og raudkløver, blir av uforståeleg grunn meia ned av raske kantslåttreiskapar, sjølv om desse blomstrane er berre 10 cm høge, og ikkje har noko med trafikktryggleiken å gjere. Eg har ofte undra meg over kvifor dette blir gjort.

Flere norske humlearter er truet

Oslo (NTB): I Norge finnes det 35 humlearter. Fem av dem er truet og står på den såkalte rødlisten.


Siste vår og sommar kunne eg i to tilfelle, ved hjelp av kikkert, følgje med korleis kantslåtten verkar inn på insektlivet. Tallause humler, bier, blomsterfluger, sommarfuglar osv. hamna i desse roterande reiskapane og blei sjølvsagt slegne til fillebitar. Til kjøligare det er, til verre er det. Då blir insekta mykje tregare, og har liten sjanse til å berge seg unna. Humlene ser ut til å vere spesielt utsette for dette.

Kvifor skal ein slå vegkantane i beste blomstringstida? Det er då denne slåtten gjer mest skade. Akkurat på denne tida byggjer humlene, biene og dei andre insekta opp samfunnet sitt. Tidleg i blomstringssesongen er det mest dronningar som er ute, og drep ein dronninga, drep ein heile humlesamfunnet. Ein skal også hugse at ein tek vekk viktige matkjelder for humlene og biene når ein slår vegkantane.

Det er anslått at om lag 30 prosent av maten vi et, er pollinert av humler og bier.

Det beste ville vere om ein venta med å slå vegkantane til blomstringa er over, og blomstrane har sett frø. Dette er gjerne ut i august, då unngår ein å drepe ned desse nytteinsekta i så stor grad. Eg ser framleis ingen grunn til å slå tidlegare enn dette.

I det minste bør lave blomstersamfunn, som tiriltunge, kvitkløver og raudkløver mm, få stå i fred under blomstringa. Desse blomsterartane er viktige for humler, bier osv.

Då vil det til neste vår overleve meir humler og andre pollinerande artar. Desse vil så bestøve frukttre og bærtre i hagen, og skogsbær, f.eks. blåbær. Til meir humler og bier, til meir frukt og bær.

Viss Vegvesenet har for lite å gjere, kan dei begynne å fjerne den svartlista lupinen, som dei i mange tilfelle sjølv har sådd for å «pynte» langs vegkantane. Vi veit alle at lupinane fortrenger dei norske viltlevande blomstrane.

Der bør ikkje brukast gift, men arbeidast manuelt. I løpet av ein treårs periode burde mykje av lupinane vere borte viss arbeidet blir gjort skikkeleg. Elles burde dei som driv kantslått, kunne eit minimum av botanikk, så dei lar vere å slå visse artar, mellom anna dei som er raudlista, og gjerne også planter som er viktige for humler og bier. Eg håper at Vegvesenet vil forandre rutinane med kantslått. Det vil hageeigarar, bønder, birøktarar, bærplukkarar og andre tene på. Ja, heile samfunnet vårt vil ha glede av at naturen får stelle seg sjølv i dette tilfellet.

Kjell Mork Soot
Hareid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.