Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll, har svara på det eg skreiv om kloakkvedtaket i Sula kommunestyre. Møtet gav eit lite tillitvekkande inntrykk. Sakspapir var sendt ut like før møtet. (Mange hadde ikkje sett dei). Fleire representantar klaga over at dei hadde alt for lite informasjon til å kunne danne seg ei meining. Likevel var det så altfor tydeleg at både rådmann, ordførar og administrasjonen ville presse fram ein fjellhall på Kvasneset med utslepp inne i Storfjorden, koste kva det koste vil.

Rådmannen opplyste at Ålesund hadde vedteke at hallen skal ligge på Kvasneset. Kan Ålesund bystyre vedta noko slikt på vegner av Sula? Det beste for miljøet vil vere å få utsleppet lengst mogleg vestover, slik at det kan bli ført med straumen ut i ope hav. Det har difor fleire gonger vore lagt fram forslag om å legge anlegget vest for Sandvika, og føre utsleppet ut mot Eltrane. Men ordførar og rådmann har køyrt hardt på at det skal inn på Kvasnes og sleppes ut langt inne i fjorden.

Grunnen

Kjære ordførar: Vær så snill å forklare oss kvifor dette ikkje kan gjerast i lag med Ålesund. Vi får høyre om att og om att at det ikkje er andre alternativ enn Kvasneset, utan å få vite grunnen!

«Heile saksutgreiinga og saksunderlaget/rapportar har vore arbeidd med i over eit år, og det er ein grunn til at lokaliseringa er foreslått der den er.»

Fortel oss grunnen!

«Det å skulle klare å finne ei anna lokalisering ut over dei som allereie er vurdert i løpet av fem veker er ei umogleg oppgåve.»

Røystinga

Eg kritiserte røystingane. Om dette skriv ordføraren: «Når det kjem til røystinga og kontrarøystinga vart den gjort slik ein brukar å gjere det.»

Men på dette møtet var det ikkje to røystingar, men tre. Etter røysting og kontrarøysting vart det sagt at resultatet var uklart, og det vart røysta ein tredje gong, men då utan kontrarøysting.

Inhabil?

«Påstandar om økonomiske motiv eller andre konspirasjonsteoriar som ein har sett kome på trykk gjennom denne saka både i sosiale media og i avisene, synest eg er uhøyrt.»

Eg vil presisere at alle mine innlegg i saka har vore opne avisinnlegg. Men eg veit at det vert sagt at nokre av dei som har vore med å handsama denne saka kan vere inhabile etter Forvaltningslova kap. II, paragraf 6. Slikt kan bidra til å så tvil om saka er handsama på riktig måte etter lova, og det bør difor undersøkast.

Dersom ei gransking viser at det ikkje er grunnlag for ein slik påstand, då er det veldig viktig å få fram, slik at det i ettertid ikkje skal bli reist noko tvil om sakshandsaminga.

Miljøet

Til slutt vil eg nemne noko som også må fram:

Dei hevdar at utslepp frå Kvasneset vil vere «gunstig for miljøet», og har brukt Jarle Molvær som fagleg alibi. Det har kome mange innlegg om at det ikkje vil vere gunstig for miljøet i fjorden. Blant anna har Sula kommune ved rådmannen for ei god stund sidan motteke to brev frå Bernt Aspehaug, ingeniør i vann og avlaup, der han går sterkt i rette med JM sitt syn på dette. Han har ikkje fått svar. Er breva hans lagt ved saka?

Storfjordens Venner har halde styremøte om saka. På grunnlag av dette har dei for ei god stund sidan sendt brev med bekymringsmelding. Dei har ikkje fått svar. Dei har ikkje ein gong fått bekrefting på at brevet er motteke. Er bekymringsmeldinga lagt ved saka?

Ettertida vil vise om det blir ei skam for Sula kommune.

Harald GjøsundEidsnes

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Innleggsforfattar Harald Gjøsund frå Eidsnes. Foto: Marius Simensen