Kloakkrenseanlegg på Kvasneset:

«Pressa fram fjellhall»

Diskusjonen om kloakkrenseanlegg på Kvasneset i Sula held fram. Harald Gjøsund er i dette innlegget kritisk til handsaminga i Sula kommune.

Kvasneset: Det er stor diskusjon rundt etablering av kloakkreinseanlegg ved Kvasneset i Sula.  

Det beste for miljøet vil vere å få utsleppet lengst mogleg vestover

Innleggsforfattar Harald Gjøsund frå Eidsnes. 

Leserinnlegg

Ordførar i Sula, Jim Arve Røssevoll, har svara på det eg skreiv om kloakkvedtaket i Sula kommunestyre. Møtet gav eit lite tillitvekkande inntrykk. Sakspapir var sendt ut like før møtet. (Mange hadde ikkje sett dei). Fleire representantar klaga over at dei hadde alt for lite informasjon til å kunne danne seg ei meining. Likevel var det så altfor tydeleg at både rådmann, ordførar og administrasjonen ville presse fram ein fjellhall på Kvasneset med utslepp inne i Storfjorden, koste kva det koste vil.

Rådmannen opplyste at Ålesund hadde vedteke at hallen skal ligge på Kvasneset. Kan Ålesund bystyre vedta noko slikt på vegner av Sula? Det beste for miljøet vil vere å få utsleppet lengst mogleg vestover, slik at det kan bli ført med straumen ut i ope hav. Det har difor fleire gonger vore lagt fram forslag om å legge anlegget vest for Sandvika, og føre utsleppet ut mot Eltrane. Men ordførar og rådmann har køyrt hardt på at det skal inn på Kvasnes og sleppes ut langt inne i fjorden.

No skriv ordføraren: «Gjøsund peikar på Sandvika/Moldvær i Langevågen som plassering av anlegget. Ja, det kunne ha vore eit alternativ, men ikkje i lag med Ålesund.»

Snuoperasjon i bystyret:

Ålesund vil bygge felles kloakkrenseanlegg ved Storfjorden

Rådmannen rådet til å si nei, det samme gjorde formannskapet. Så snudde vinden. Nå sier Ålesund bystyre likevel ja til å bygge et felles kloakkrenseanlegg med Sula på Kvasneset.


Grunnen

Kjære ordførar: Vær så snill å forklare oss kvifor dette ikkje kan gjerast i lag med Ålesund. Vi får høyre om att og om att at det ikkje er andre alternativ enn Kvasneset, utan å få vite grunnen!

«Heile saksutgreiinga og saksunderlaget/rapportar har vore arbeidd med i over eit år, og det er ein grunn til at lokaliseringa er foreslått der den er.»

Fortel oss grunnen!

«Det å skulle klare å finne ei anna lokalisering ut over dei som allereie er vurdert i løpet av fem veker er ei umogleg oppgåve.»

Men det er berre Kvasneset (og Sunde) som er vurdert. Kvifor? Dei har hatt lang tid på seg.


Røystinga

Eg kritiserte røystingane. Om dette skriv ordføraren: «Når det kjem til røystinga og kontrarøystinga vart den gjort slik ein brukar å gjere det.»

Men på dette møtet var det ikkje to røystingar, men tre. Etter røysting og kontrarøysting vart det sagt at resultatet var uklart, og det vart røysta ein tredje gong, men då utan kontrarøysting.

Inhabil?

«Påstandar om økonomiske motiv eller andre konspirasjonsteoriar som ein har sett kome på trykk gjennom denne saka både i sosiale media og i avisene, synest eg er uhøyrt.»

Eg vil presisere at alle mine innlegg i saka har vore opne avisinnlegg. Men eg veit at det vert sagt at nokre av dei som har vore med å handsama denne saka kan vere inhabile etter Forvaltningslova kap. II, paragraf 6. Slikt kan bidra til å så tvil om saka er handsama på riktig måte etter lova, og det bør difor undersøkast.

Dersom ei gransking viser at det ikkje er grunnlag for ein slik påstand, då er det veldig viktig å få fram, slik at det i ettertid ikkje skal bli reist noko tvil om sakshandsaminga.

Forvaltningslova er norsk lov, og det er litt spesielt at ordføraren avfeiar eit krav om å følgje lova som «konspirasjonsteoriar». Dei det gjeld bør snarast be om å få habiliteten sin vurdert. Så enkelt er det.

Her vil Sula og Ålesund rense kloakken fra 70.000 personer:

– Jeg er uhyre skuffa over Sula og over Ålesund, som har ført oss bak lyset.

– Jeg er uhyre skuffa over Sula og over Ålesund, som har ført oss bak lyset.


Miljøet

Til slutt vil eg nemne noko som også må fram:

Dei hevdar at utslepp frå Kvasneset vil vere «gunstig for miljøet», og har brukt Jarle Molvær som fagleg alibi. Det har kome mange innlegg om at det ikkje vil vere gunstig for miljøet i fjorden. Blant anna har Sula kommune ved rådmannen for ei god stund sidan motteke to brev frå Bernt Aspehaug, ingeniør i vann og avlaup, der han går sterkt i rette med JM sitt syn på dette. Han har ikkje fått svar. Er breva hans lagt ved saka?

Storfjordens Venner har halde styremøte om saka. På grunnlag av dette har dei for ei god stund sidan sendt brev med bekymringsmelding. Dei har ikkje fått svar. Dei har ikkje ein gong fått bekrefting på at brevet er motteke. Er bekymringsmeldinga lagt ved saka?

Ettertida vil vise om det blir ei skam for Sula kommune.

Harald Gjøsund
Eidsnes

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.


Sula og Ålesund planlegger felles kloakkrenseanlegg på Kvasneset der avløpsvannet slippes ut i Storfjorden

Frykter konsekvensene fra kloakk fra 70.000 mennesker i nabolaget

Folk på Kvasneset finner seg ikke i at kloakken fra 70.000 mennesker i Ålesund og Sula skal pumpes inn i et anlegg midt i det de sjøl mener er kommunens flotteste boligfelt.