Dette er eit svar til Britt Valderhaug Tyrholm.

Aina Strand frå Arbeidarpartiet var varaordførar i Skodje, ei kommune som blir rekna som forholdsvis lita med knappe 5.000 innbyggjarar, ho trekte seg frå politikken og sa til Smp i samband med det: «Og dokumentbunkane du skal lese og sette deg inn i før møta følast av og til endelause. Eg har konstant gått med ei kjensle av at det er dokument eg burde ha sett meg inn i, seier ho. – Skal ein ha nokon som helst funksjon som politikar må ein kunne sette seg så godt inn i sakene at ein kan foreslå eventuelle endringar eller tillegg. Er ein ikkje i stand til det, så er det byråkratane som styrer kommunen, ikkje politikarane.»

Dette syner at demokratiet/folkestyret ikkje fungerer godt sjølv i ei kommune med ca. 5.000 innbyggarar, og det vert dårlegare til større kommunen er. I nye Ålesund blir dokumentbunken langt større enn i dagens Skodje kommune.

Jo større kommune jo dårlegare demokrati.

Ivar B. RoaldVigra

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.