Overskridingane på Nordøyvegen MÅ STOPPAST, seiast det. Men er det folket på Nordøyane som har skuld i overskridingane? Nei, tvert om, dei har i god tru skote inn fleire millionar kroner gjennom tilskot frå bedrifter og tillegg på auka ferjebillettar.

Spørsmålet er: vil dei nokon gong få att desse pengane om prosjektet vert stoppa? Etter mi meining er det høgst tvilsamt!

Har dei noko ansvar? Det ser ikkje slik ut! Ein tunnel ved Stortinget har til no enda på ei overskriding på heile 2,3 milliardar kroner! Eg har ikkje høyrt noko opprop om stopp der!

Har ikkje stortingsrepresentantane føter å gå på eller vil dei ikkje betale for parkering, som vi andre skattebetalarane må? Er det ikkje noko som er riv ruskande gale her? – Eg berre spør!!!

Rolv RørhusBrattvåg

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.