Eg trur mange har problem med å ta innover seg og forstå alle tala, å forstå forskjellen på millionar og milliardar, og at det er stor forskjell på 100 millionar og ein milliard.

At journalistar rotar med tala gjer det ikkje lettare. Altfor ofte ser eg journalistar er for lite kritiske til tal.

Ei anna problemstilling, som mange ikkje ser ut til å sjå, er at små endringar i renta gir store årlege endringar berre tala du reknar i prosent av er store nok. Som døme vil eit lån på ein milliard gi 20 millionar i auka rentekostnader om renta aukar med to prosent, noko Norges Bank forventar vil skje i løpet av eit par år.

Store lån

Sunnmørsposten skriv blant anna i leiaren sin den 1. juni at Ulstein Group har tapt ein milliard dei siste tre åra, at Kleven Verft på nytt må styrke eigenkapitalen etter store underskot, medan Havyard har klart seg med «hederlige» 74 milliardar i minus i 2017. Det skal sjølvsagt vere 74 millionar i minus.

Og kor mykje er ein milliard, som til dømes «sprekken på Nordøyvegen» ser ut til å bli på. Det er faktisk nesten like mykje som Eiksundsambandet kosta i si tid, eller noko mindre enn den totale gjelda til til dømes Ulstein kommune.

Dei store linjene

Mine elevar i samfunnsøkonomi strevar også med å sjå forskjellen på «små og store tal», og dei må bruke mykje tid på å reflektere over kvar det er «mest å hente» om ein til dømes «skal leike finansminister» og skal redusere utgiftene/inntektene på statsbudsjettet eller prøve seg som rådmann og vurdere storleiken på kommunale utgifter og inntekter.

For å få fram store tal kan ein også rekne på kor mykje Ulstein eller andre kommunar sine lånekostnadar aukar med kvart år framover, om vi får ein årleg auke i renta på to-tre prosent. Eller ein familie kan rekne på korleis ein tilsvarande renteauke på bustadlånet slår ut på eigen privatøkonomi.

Alternativ kostnad

I pressa og blant lokale politikarar vert det sjeldan peika på, at det å prioritere eit stort offentleg prosjekt også handlar om å prioritere bort noko anna eller å utsette andre prosjekt, eller redusere tilsvarande på drift og vedlikehald på andre viktige område.

Og alle prosjekt har det vi kallar ein alternativ kostnad, det må vi ikkje gløyme. Alternativkostnaden er verdien av det beste alternativet som blir valt bort når ein har gjort eit val mellom gjensidig utelukkande alternativ. Omgrepet er sentralt i samfunnsøkonomi, der ein ofte tek utgangspunkt i at det er mangel på ressursar. Å velje noko går alltid ut over andre tiltak ein må bruke pengar på.

Samfunnsøkonomi er læra om samfunnets bruk av knappe ressursar; arbeidskraft, naturressursar, produksjonsutstyr og teknologisk kunnskap. Det er difor viktig at ein veit forskjellen på ein million og ein milliard og at det handlar om å prioritere knappe ressursar.

Mytar

Ein ser også ofte mange mindre gode innspel ifrå næringslivsleiarar og lobbyistar, der dei brukar tal slik at akkurat den næringa dei jobbar i blir framheva som den viktigaste, og at det prosjektet dei har mest nytte av må få prioritet. Særinteresser styrer for mykje, og prosjekt vert altfor ofte sett i gang med for låge kostnadsrammer og på feil premissar.

Eldre befolkning

Perspektivmeldinga peikar på at om 20–30 år må Norge redusere utgiftene eller auke skattane med mange milliardar for å gå i balanse. Rundt år 2030 må ein kutte om lag fem-seks milliardar kroner i utgifter per år, berre for å dekke dei veksande utgiftene til pensjon og helsesektoren, som kjem av at befolkninga vert eldre.

Vi må i større grad oppfordre både politikarar og journalistar til å peike på dei store samfunnsøkonomiske samanhengane, ikkje berre tenke lokalt eller på kva som gir kortsiktig politisk gevinst. Politiske avgjerder må i større grad ta omsyn til samfunnsøkonomisk nytte. Ein må syte for at det i den 13-årige skulen ikkje vert nedprioritert å lære om privatøkonomi og økonomi generelt. Vi kan i alle fall starte der.

Einar Magne SkeideUlsteinvik

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.