Sula og Ålesund vil i fellesskap bygge eit reinseanlegg for kloakk på Kvasnes. Dette skal ta mot kloakk fra 70.000 personenheter (pe), (inklusive kloakken fra Sjukehuset). Rensa kloakkvatn skal sleppast ut i Storfjorden utanfor Kvasnes/Flisfjorden.

Det er mange som er redde for at eit så stort utslepp inne i fjorden vil kunne gi stor skade på økosystemet, og dermed på livet i fjorden. Bernt Aspehaug har sendt to brev til Sula kommune i vår, der han tar opp nokre viktige problem. Vi nemner noko av det her.

Storfjorden er over 400 meter djup. Mot Breisundet og Vartdalsfjorden er det ein terskel på rundt 160 m som fører til at fjorden kun får utskifting av vatn fra havet over terskelen. Data frå terskelfjordar viser at straumhastigheita minkar med aukande djupne, og at på djupet står vatnet ofte stilt i lange periodar.

(innlegget held fram under)

Vi veit at det lever fisk og dyr på djupet, og at desse treng oksygen. Oksygen blir produsert i overflata, av algar, og blir tilført frå luft, elvevatn, og frå havet gjennom vatn som går inn over terskelen. Oksygen blir brukt av dyr som lever i sjøen, og av bakterier som bryt ned organisk stoff.

Nede på djupt vatn vert ikkje oksygen produsert, så den einaste måten vatnet på djupet kan få tilført oksygen er via vertikale straumar som fører overflatevatn nedover. Dette skjer kanskje ikkje heile tida, og kanskje forholdsvis sjeldan.

Dersom overflatevatnet blir infisert av kloakk vil det føre til auka bakterievekst, som brukar opp oksygen. Då kan vatnet bli oksygenfattig før det kjem ned til djupare lag i fjorden. I tillegg vil det truleg fylgje ureinsa vatn med når overflatevatnet går mot djupet. Dette vil forverre tilhøva for livet der nede ved å bruke endå meir av det oksygenet som er der.

Vatn inneheld maks ca 10 mg oppløyst oksygen pr. liter (avhengig av temperatur og saltinnhald). I Storfjorden djupare enn ca 200 meter er det ca 6 mg/liter vatn, enkelte stader heilt nede i 4,5 mg/l. (Varierer frå stad til stad, og over året). Grensa for det fisk må ha for å leve ligg mellom 5 og 6 mg/liter vatn, noko som syner at fjorden alt er på grensa for at fisk kan leve i djupet. Ei ganske lita auke i mengde organisk stoff  kan føre til at oksygenkonsentrasjonen vert endå lågare, noko som kan gi økologisk samanbrot, og massiv fiskedaude.

(Tal frå rapporten «Hydrografi i Storfjorden – historisk oversikt» utgitt av Møreforsking i 2003, basert på målingar gjort på 6 målepunkt i heile fjorden, frå overflata til botnen, i åra 1991-1998).

Sula kommune viser til straummålingar som er gjort av vegvesenet ved Nøringset, om lag 15 km vest for Kvasnes, frå overflata til ca 40 m djup. Desse viser at straumhastigheten minkar  med djupna.

Målingar i utsleppsområdet er ikkje gjort. Dette må gjerast, straum, temperatur, salinitet og oksygeninnhald i heile fjordens tverrsnitt, over heile året.

(innlegget held fram under)

Anlegget skal ta imot kloakk frå 70.000 personeiningar (pe). Reinsegraden er oppgitt til 90-95%, altså vil 5-10% sleppast ut i fjorden. 1 pe utgjer om lag 200 l/døgn. 70.000 pe er altså 14.000 m/døgn. 95% reinsing svarer til at 700 m ureinsa kloakk går til fjorden kvart døgn. Med 90% reinsing vert dette 1400 m. Ein stor del av dette vil bli med til botnen, og vil der føre til eit stort forbruk av oksygen.

Reinseanlegg får av og til driftsstans. Då må kloakken gå ureinsa i fjorden til anlegget er i drift igjen, noko som kan bety ei økologisk katastrofe.

Reinsa kloakk bør førast ut i sjøen nærast mogleg havvatn som kan tilføre friskt oksygenrikt vatn. Då kan restmengda av organisk stoff brytast ned raskt, utan at det blir oksygenmangel i vatnet.

Det vil vere enklare, og dermed billigare, å snu dei indre utsleppa til området utafor Molvær/Sandvika. Då er vegen til havet vesentleg kortare. Eit reinseanlegg mellom Sandvika og Eltrane kan ha utløp ut mot Breisundet, evt via ein pumpestasjon på Heissa (lett tilgang til veg og straum). Dette anlegget kan ligge i friluft, noko som er mykje billigare enn ein fjellhall, men ynskjer ein fjellhall så er dette også mogleg der.

Oslo og Bergen har for tida store problem med resipientane sine og er no i gang med å vurdere tiltak som t.d. auke av reinsegraden til 100% for å berge resipientfjordane. Dersom eit utslepp inne i Storfjorden kollapsar kan det også her kome krav om 100 % reinsing. Det blir dyrt!

Jarle Molvær er brukt som konsulent for Sula kommune i denne saka. Han seier at kloakkvatnet vil stige, og innlagrast mellom utsleppspunktet og overflata. Samtidig seier han at han ikkje har straummålingar på dette, men viser til «magefølelsen» sin. Ein ”magefølelse” er ikkje vitskap!

Molvær konkluderer i ein rapport med at Storfjorden er ein betre resipient enn Borgundfjorden, fordi vatnet i Storfjorden er reinare enn i Borgundfjorden. Det stemmer nok, for Borgundfjorden har i lang tid fått tilført store mengder tilnærma ureinsa kloakk.

Det store djupet i Storfjorden vert brukt som argument, men det gjer Storfjorden faktisk meir sårbar, mens Borgundfjorden har den fordelen at den får utskifta heile vatn-tverrsnittet.

Det kan godt hende at Storfjorden er ein betre resipient, men vi veit det ikkje..

Mykje av dette var tatt opp i brev som Bernt Aspehaug sende til Sula kommune den 5/4 og 11/4. Han fekk svar den 29/6-18, frå kommunalsjef Jørn Agersborg. Det han fekk var eigentleg ikkje noko svar! Agersborg skriv ingenting om dei fakta Aspehaug legg fram, men avfeier det med følgende:

«I høve synspunkt og påstandar om at metodikk og faglege vurderingar som er nytta i vurdering av Storfjorden og Sulafjorden som reisipient er feil ser vi ingen grunn til å omtale dette utover at vi har tiltru til at fagkompetansen hos innleigde konsulentar i saka er solid og truverdig. Vi viser til vurderingane som er innhenta i høve Storfjorden og Sulafjorden som resipient og legg til grunn konklusjonen om at fjordane er egna for det vidare arbeidet.»

Snakk om arroganse: Vi trur ikkje på deg. Vi trur på våre eigne fagfolk. (Men kven desse er, det får vi ikkje vite).

Vidare skriv han: «Oppfølging av politiske vedtak i Sula kommunestyre 3. mai er starta og nærmare utgreiing vil følgje mellom anna som del av planprosessen. Vi kan også orientere om at planprosessen vil starte formelt tidleg haust 2018 og at alle interesserte og berørte kan gje innspel til denne.»

Heile prosessen fram til no har vore prega av at dei IKKJE bryr seg om innspel frå «interesserte og berørte», noko som også dette brevet frå Agersborg er eit døme på. Dei viser til «fagfolk» og «konsulentar», og undersøkingar som er gjort, men når vi spør kven desse fagfolka er , og kva for undersøkingar som er gjort, då svarar dei ikkje.

Vi er stygt redde for at også den vidare prosessen vil gå i same bane.

Folk som bor langs fjorden må vite kva som held på å skje. Konsekvensane av dette kan bli at fjorden blir fiskefri i djupet, og det vil kanskje også påverke fisken som lever i dei øvre laga i fjorden.