• Kan finansieringa av den nye skulen på Sørsida i Ålesund kome på plass ?

• Kan Todalsfjordprosjektet hoppe fram?

• Kan Operaen i Kristiansund byggjast?

Det finst mange slike spørsmål, men kva er alternativet?

Møre og Romsdal fylkeskommune må halde oppe kommunikasjonane på Nordøyane. Her er det i dag to ferjestrekningar med fire ferjer og sju ferjekaier. Eg vil tru at det er rimeleg utenkjeleg at politikarane skal stoppe Nordøyvegen for så å redusere frekvens og opningstider.

For begge ferjestrekningane gjeld noverande anbod maksimalt ut 2022. Nytt anbod må på plass med oppstart 2023.

I rute 21 (Skjeltene-Haramsøya-Løvsøya) må alle tre ferjekaiene skiftast ut.

Dette har vore utsett i lang tid medan ein har venta på Nordøyvegen. Ferjene er frå 1970-talet og strekninga er den mest ustabile i heile fylket.

Her må det byggjast tre nye ferjekaier, og det må til to nye ferjer. Denne ferjestrekninga har så høg trafikk at den kjem inn under dei som skal ha miljøferjer, etter fylkestinget sitt vedtak.

I rute 22 (Brattvåg-Dryna-Fjørtofta-Harøya) er også fleire av ferjekaiene/oppstillingsplassane av dårleg standard, og store investeringar må til.

Om Nordøyvegen kjem, skal fem ferjekaier leggjast ned og tre ferjer skal bort. Berre strekninga Brattvåg–Dryna står igjen.

Etter å ha forhøyrt meg med fagfolk, kjem det klart fram at investeringane i ferjekaiene vil kome på minst 500 millionar, utan miljøferjer med lading. Skal dette til, så vil kostnaden bli vesentleg høgare.

Dei ferjene som skal bort om Nordøyvegen kjem, kostar fylket om lag 80 millionar i 2018. Anbodet er indeksregulert og kostnaden vil vere om lag 90 millionar i 2022.

Då vil det nye anbodet tre i kraft og vi må vente eit hopp med nye ferjer.

Sist det var anbod var dette hoppet på 38 %. Reknar vi dieseldrivne ferjer og anbodshopp på 20 %, vil kostnaden vere 108 millionar i 2023. Skal fylkestinget og Stortinget sitt vedtak med miljøferjer gjennomførast, vil kostnaden bli vesentleg høgare.

Skal fylket låne 500 millionar til ferjekaier, vil dette gje årlege kapitalkostnader (renter og avdrag) på 30 millionar. I tillegg kjem underskotet i ferjedrifta på 108 millionar. Til saman vert dette 138 millionar kroner.

Om dette heller vart brukt til finansiering av Nordøyvegen, kunne ein betalt renter og avdrag på eit lån på 2,3 mrd.

Alternativet til Nordøyvegen er også at dei tiltaka som er gjennomførte, er totalt bortkasta. Dette har ein kostnad på om lag 300 mill. I tillegg kjem kostnaden med attgraving av tunnelpåhogga utover øyane.

Tilskota utanfrå, frå kommunar, næringsliv og bompengar, vil sjølvsagt ikkje bli tilgjengelege til andre fylkeskommunale formål. Dette utgjer over 1,1 milliard kroner.

Det største problemet for Møre og Romsdal fylkeskommune er vel kva status dei har etter å ha fylt att utover øyane.

Klarer ikkje fylket Nordøyvegen med tilskot utanfrå og alternativ bruk av ferjemidlar, vil dei neppe i framtida klare å byggje ut middels og store samferdselsprosjekt. Kva då med framtida til Møre og Romsdal fylkeskommune?

Om kostnadane til ferjer og ferjekaier frå 2023 på 138 millionar vert brukt til å finansiere eit lån til Nordøyvegen på 2,3 milliardar, og tilskota på 1,1 milliardar vart plussa på, så er 3,4 milliardar på plass. Meirverdiavgift på om lag ein milliard får fylkeskommunen kompensert. 300 millionar er uansett brukt.

Løftet med Nordøyvegen, rekna i nye driftsutgifter for fylkeskommunen, er uansett ikkje meir enn eit middels stort samferdselsprosjekt.

vignettbilde Foto: Petter Sandvik