Roar Dyb Sandnes sa der at Giske kommune kan få rekrutteringsutfordringar.

Han viste til at Giske kommune skal rekruttere ca. 110 personar dei neste 3-5 åra, og av desse er 10 i toppleiinga.

Eg vil tru at dei fleste av dei 110 har sitt arbeid i helse og omsorg. Kvifor blir dette teke opp i debatten om å slå seg saman med Ålesund? Har Ålesund eit overskot på tilsette med fagutdanning?

Dei som argumenterer for kommunesamanslåing, brukar som eit argument for samanslåing at dei små kommunane har problem med å få tilsett kvalifisert arbeidskraft.

Eg har sett på statistikkane for dette frå SSB. Der ser ein at Giske kommune har langt fleire tilsette med helsefagleg utdanning i prosent enn Ålesund, Molde og Kristiansund, og det same gjeld om ein samanliknar Giske med dei største byane i Norge, Oslo og Bergen.

Er det medvite at Roar Dyb Sandnes og fleire andre brukar dette som argument for samanslåing?

Eg tvilar på det, men det er synsing og ein del av myten om at store kommunar har betre tilgang på kvalifiserte arbeidstakarar og nok eit døme på mangel på kunnskap frå kommunepolitikarane.

Andel brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helsefagutdanning i prosent: Giske 81,2 prosent.

Byane i Møre og Romsdal: Ålesund 75,3 prosentMolde 72,7 prosentKristiansund 77,4 prosent

Dei største byane i Norge:Oslo 70,6 prosentBergen 73,1 prosent