Etter at Tore Ulstein i ein kronikk 10. juli lanserte ideen om ei nasjonal havromsatsing lokalisert til Ålesund – Pilot H for «Havrommet» – har det kome vektige innlegg i saka både på leiarplass i Sunnmørsposten, frå Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest og frå viserrektor Annik Fet ved NTNU.

Bodskapen frå dei ulike aktørane er samstemt: Skal vi få dette til må vi samle kreftene: næringsliv, forskning, akademia – og politikarar.

Det er heilt avgjerande at vi kan samle oss om ein felles strategi, som dermed også kan få gjenklang i næringsdepartement og regjering.

Dei sju kommunane i «Region Ålesund» (Sandøy, Haram, Skodje, Ørskog, Sula, Giske og Ålesund) er alt med i prosjektet «Vår posisjon i havrommet» som samlar heile breidda av aktørar der både Ulstein, Sintef, Rolls-Royce, NTNU, Møreforsking, Runde Miljøsenter, GCE Maritime, Blue Legasea, Mafoss og Maritimt Forum Nordvest står sentralt.

Utfordringa er likevel å komme eit steg vidare der «Pilot H» kan konkretiserast i ein tydelig og klar strategi - samt at det vert sett av ressursar til å følge opp denne strategien.

Næringsutvikling legg grunnlaget for busetnad, kompetansebygging, kommunal velferd og utvikling i regionen vår. Derfor må vi også politisk stadig ha eit tydelig fokus på regional næringsutvikling.

Vi ynskjer å ta del i det fellesløftet som må til, for å verkeliggjere «Pilot H».

På vegne av dei sju kommunane i Region Ålesund:

Eva Vinje Aurdal, ordførar i ÅlesundHarry Valderhaug, ordførar i GiskeTore Johan Øvstebø, varaordførar i Ålesund