Etter ein Al Capone inspirert prosess rundt sjukehusplasseringa i nordfylket, som enda med at eit frå før fraksjonert fylke, vart sprengt i fillebitar, skulle ein tru at ei viktig målsetting for det nye styret i HMR var å skape tillit.

Det nye styret har naturlegvis ikkje ansvaret for den vellykka sprengingsoperasjonen, den var regissert frå Molde i eit tett og godt samarbeid med HMN med god hjelp frå ein stotrande og retningsvill eksstyreformann.

Det har heller ikkje ansvaret for forprosjektarbeidet for det nye sjukehuset på Molde, men dei har ansvaret for forklaringa knytt til den betydelege prisoverskridinga som vi vart kjent med for nokre veker sidan.

Prisnivået i eit prosjekt blir lagt alt i forprosjektfasen. Hovedparametera er areal, volum og PBL (Plan og Bygningslova). Så vert det gjort tilval som går på kvalitet og estetikk. Så vert det gjort feilval på system og logistikk. Til slutt kjem «kjekt å ha» elementa.

Hovedparametera utgjer den desidert tyngste delen, og med alt statistikkmaterial prosjektleiinga har tilgjengeleg, er pris-sprekken uforståeleg, og dette kan ikkje forklarast på annan måte enn at dei har gått bananas i «godtebutikken» eller at storleiken på prosjektet ikkje står i høve til budsjettet.

Sjøl forklarar dei det med val av entrepriseform, men slik saka vert framstilt i avisene, stemmer ikkje det.

Dei vel same entrepriseform, men overlèt til entreprenørane å velje kvalitetar og duppedittar (les tilval).

Slik håpar dei å kunne unngå ein reduksjon i areala. Så lagar dei eit poeng av terrassane. Dei skal redusere terrassane!

Overskridinga var vel på ca. 900 mill. Om dei har vore for sløve i tilvala, så representerer det neppe meir enn 500 mill. Resten, 400 mill., må då vere terrassar.

Min konklusjon er at det er usannsynleg å kunne oppnå ein prisreduksjon på 30 % om areal og volum skal behaldast, ikkje ein gong om ein bygg «gårdagens sjukehus».

Ser at direktøren i Sjukehusbygg forlèt posten sin nyleg. Meldinga kom utan forklaring, men det er ikkje usannsynleg at ho har gjort seg opp same tankane som eg.

Arnljot Worren Ålesund

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.