Dei snur og snur, og det vi legg merke til, er at somme steinar er mykje lettare å snu enn andre.

Eit fleirtal i fylkestinget som ønskte opera i Kristiansund, snudde ein stein på Molde, og vipps fann dei hundrevis av millionar til ei ikkje lovpålagt oppgåve, noko ikkje ein gong den ansvarlege fylkesrådmannen og kristiansundaren Guttelvik åtvara mot. Men den steinen som dekkjer pengar til utgreiing av Romsdalsaksen, ligg blegg fast!

I Stor-Ålesund, for det må vel vere namnet som passar til politikarane sine ambisjonar, der snur dei steinar i eitt sett og finn pengar til nye stillingar innan byråkratiet som vi ser utlyste.

Og under ein stein som var lett å snu, viste det seg faktisk å vere ein halv million til ein times foredrag om det som vart kalla Kostbare selvfølgeligheter»!

Steinen som gøymde pengar til lønsauke for allereie godt betalte politikarar, var også enkel å snu.

Ordføraren i Ålesund seier i avisa at ho ikkje er stolt over tilhøva der. Dei fleste hadde kanskje venta eit anna svar, nemleg at ho var flau og skamfull over prioriteringane.

Når ein ser kor lett steinar blir snudd, berre formåla er dei «rette», forstår eg at vi treng eit Pensjonistparti i den nye storkommunen, både for å snu «Voldsdal-steinen» og steinar som dekkjer pengar til liknande formål.

Reidun Klock TjervågØrskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.