Ein kan saktens spørje om kva linefiske har med Nordøyvegen å gjere og svaret er: Ingenting – ikkje direkte. Kvifor stille eit slikt tøvete spørsmål? Ja, nettopp kvifor, eller kvifor ikkje.

Prosessen med finansieringa av Nordøyvegen har vore lang og innfløkt, og her kjem linefiskerassosiasjonane inn.

Likevel, uendeleg uthaldande – og gjennom ufatteleg flid, skapte desse heiderskarane mykje av realverdiane som gav Sunnmøre og resten av kysten fast grunn å satse mot den veksten og velstanden etterkomarane har nytt godt av seinare. Konene deira var grunnfjell, med sine flokar i familien og i samfunnet på land. Eg har ikkje gløymt dei.

Her må det litt forklaring til. Ein vase er ei rekkje bukter som har tulla seg i hop utan at endane har kome gjennom lykkja i buktene.

Når ein greier vase, er det viktig at ein ikkje tek til å smette endane gjennom for da må ein halde fram med å hale heile taulengda fram og attende heilt til floken er løyst. Det gir berre ei masse unødig og meiningslaust arbeid. Skal ein greie vase må ein ikkje smette, det veit alle gamle linefiskarar.

Prosessen med finansieringa av Nordøyvegen har mange likskapstrekk med ei vasaline, det kjem stadig nye lausrivne og alvorlege utfordringar som fløkjer til situasjonen for dei som arbeider med prosjektet, på same måten som lause onglar og kjensler (forsyn) hukar seg fast og dreg seg inn i både floken og fingrane til dei som greier vasen på tauverket.

Det er sagt at nordøyvegprosjektet dreg pengar frå andre prosjekt, og vil sperre fylket sin evne til å starte nye tiltak i uoverskodeleg framtid. Etter mitt syn er dette feil. Nordøyvegen er planlagd og vart godkjend fordi pengane for ferje skal bytast mot eit framtidsretta, fast, døgnope og livsnødvendig vegsamband. Eg vonar at politikarar og administrasjon, på same måten som kloke fiskarar fann buktene i sine vasaliner, i lag kan finne bukta i finansfloken. Ei smetting her vil resultere i knute på tråden for både fylket og skattebetalarane som må dragast ferjeutgifter med til evig tid.

Einar KjerstadLepsøy

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.