Lesarinnlegg om Nordøyvegen:

«Bukta og begge endane»

Floke Gjennom arbeidet med Nordøyvegen har ein vorte nøydd til å løyse mange flokar undervegs. Det må ein gjere no også, og ikkje freiste seg på noko som gjer at floken vert uløyseleg, slik at vi får ferjekostnader til evig tid, meiner Einar Kjerstad. 

Skal ein greie vase, må ein ikkje smette

Einar Kjerstad
Leserinnlegg

Ein kan saktens spørje om kva linefiske har med Nordøyvegen å gjere og svaret er: Ingenting – ikkje direkte. Kvifor stille eit slikt tøvete spørsmål? Ja, nettopp kvifor, eller kvifor ikkje.

Prosessen med finansieringa av Nordøyvegen har vore lang og innfløkt, og her kjem linefiskerassosiasjonane inn.

Kampen om prosjektfinansieringa minner mest om ei god gamaldags vasaline. For ikkje å snakke om ein ihoprota heil stubb. Dei færraste har kanskje kjennskap til det gamle linefiskaryrket og faguttrykk frå ei nær men forgangen tid, så eg skal no ikkje tulle meg bort i vidare utbroderingar.

Nordøyvegen

«Kva er alternativet?»

Kan avlysing av Nordøyvegen redde skulestrukturen i den vidaregåande skulen?


Likevel, uendeleg uthaldande – og gjennom ufatteleg flid, skapte desse heiderskarane mykje av realverdiane som gav Sunnmøre og resten av kysten fast grunn å satse mot den veksten og velstanden etterkomarane har nytt godt av seinare. Konene deira var grunnfjell, med sine flokar i familien og i samfunnet på land. Eg har ikkje gløymt dei.

Assosiasjonen til fiskaryrket og vasaline kom i eit minne frå den beste 17.-maitalen eg har høyrt. Nelvin Farstad heldt den på Lepsøy for mange år sidan. Han snakka om livsvisdomen til dei gamle yrkesheltane som hadde liten skulegang, men bestått eksamen frå Atlanerhavets Universitet. Nelvin snakka om greiing av vasaline og kor viktig det var å ikkje smette.

«Hold hodet kaldt om Nordøyvegen»

I etterkant av uventet høy pris på hovedanbudet på Nordøyvegen dukker de gamle misforståelsene opp igjen.


Her må det litt forklaring til. Ein vase er ei rekkje bukter som har tulla seg i hop utan at endane har kome gjennom lykkja i buktene.

Når ein greier vase, er det viktig at ein ikkje tek til å smette endane gjennom for da må ein halde fram med å hale heile taulengda fram og attende heilt til floken er løyst. Det gir berre ei masse unødig og meiningslaust arbeid. Skal ein greie vase må ein ikkje smette, det veit alle gamle linefiskarar.

Prosessen med finansieringa av Nordøyvegen har mange likskapstrekk med ei vasaline, det kjem stadig nye lausrivne og alvorlege utfordringar som fløkjer til situasjonen for dei som arbeider med prosjektet, på same måten som lause onglar og kjensler (forsyn) hukar seg fast og dreg seg inn i både floken og fingrane til dei som greier vasen på tauverket.

Linefiskaren fann alltid bukta som løyste floken, og lurte ikkje seg sjølv med smetting.

Vegvesenet mener det trengs 5,1 milliarder for å bygge Nordøyvegen. Nå må Guttelvik svare på åtte økonomispørsmål.

Før politikerne bestemmer hva som skal skje med Nordøyvegen, vil de ha svar på åtte spørsmål som handler om penger. Fylkesrådmannen mener det trengs 5,1 milliarder kroner for å bygge Nordøyvegen.


Det er sagt at nordøyvegprosjektet dreg pengar frå andre prosjekt, og vil sperre fylket sin evne til å starte nye tiltak i uoverskodeleg framtid. Etter mitt syn er dette feil. Nordøyvegen er planlagd og vart godkjend fordi pengane for ferje skal bytast mot eit framtidsretta, fast, døgnope og livsnødvendig vegsamband. Eg vonar at politikarar og administrasjon, på same måten som kloke fiskarar fann buktene i sine vasaliner, i lag kan finne bukta i finansfloken. Ei smetting her vil resultere i knute på tråden for både fylket og skattebetalarane som må dragast ferjeutgifter med til evig tid.

Einar Kjerstad
Lepsøy

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.