Det er eit ordtak som seier at det er lettare å bli trudd om ein kviskrar ei lygn enn om ein ropar ei sanning. Om Sunnmørsposten kviskrar lygner skal vera usagt. Tysdag den 7. august presenterte avisa nok eit av såkalla argument mot gjennomføring av prosjektet.

Artikkelen samanlikna bompengeprisen med ferjekostnadane, og viser rørande omsorg for økonomien til brukarane av vegen. Samanlikninga tek holbergske dimensjonar: «Mor Nille kan ikkje fly, ergo Mor Nille er en sten».

Artikkelen samanliknar den lågaste ferjebilletten med mest rabatt, mot fullprisa bompengepasseringar. Det er så ein kan lure på om undersøkjande journalistikk ikkje har vore pensum.

Vidare er det ikkje nemnt i artikkelen at om ein tilfeldigvis har to eller fleire personar i bilen, eller om ein har tilhengar, eller om ein reiser frå Fjørtofta og Harøya så blir det reduserte reisekostnadar.

Bur ein på ei av dei tre sørlegaste øyane og vil reise til Fjørtofta eller Harøya tek det mest halve dagen og kostar rundt 1000 kroner for ein familie tur retur med ferje.

Sjølv om eg er ueinig i mykje av partipolitikken til Frp, er eg både imponert og svært takksam. Ikkje minst har eg ingen vanskar med å verdsetje den innsatsen Sve legg ned for fylket, både når det gjeld samferdsle og andre saker.

Også andre politikarar som jobbar med prosjektet fortener heider, mellom desse er medlemane i plannemnda for samferdselsutbygging Kristin Sørheim og Iver Nordseth.

Begge har lagt ned ein imponerande innsats for nordøyvegprosjktet.

Når det gjeld omsuta for økonomien til oss som vil bruke Nordøyvegen mest, så trur eg at dei aller fleste heller vil betale bompengar på eit fastlandssamband dei er nøgde med enn ferjebillettar og venting i Brattvåg og på Skjelten.

Desse utgiftene skal vi nok klare!

Einar Kjerstad Lepsøy