Frå min ungdom kan eg minnast eit sitat frå rektor Henrik Kårstad ved Volda Lærarskule. Etter minnet sa han det slik:

«Ekteskap og familie er sjølve ursella i samfunnet. Blir ursella i eit organ nedbroten vil det snart få konsekvensar for heile organismen.»

Desse kloke tankane frå rektor Kårstad har til fulle fått innpass og konsekvensar i det norske samfunn.

I løpet av to tiår har vi fått ein samlivsrevolusjon som har sett tidlegare kultur og samlivsformer til sides. Både Guds lov og naturlovene er forkasta.

Du finn i dag krefter i vårt samfunn som vil normalisere umoral, og det verste er at Den norske kyrkja er med på utviklinga. Gud skapte menneske i sitt bilde, til mann og kvinne skapte han dei. Og Gud velsigna dei. Det einaste samliv som har Guds velsigning over seg er samlivet mellom mann og kvinne i ekteskapet. All verdas kyrkjelege vigslingsritualer kan ikkje endre på dette.

Eg merkar meg at Den norske kyrkja no også her teke Foreininga FRI inn som sine «konsulentar» for dette saksområdet. Etter som eg kan sjå så står FRI for grenselaus seksuell utfalding. Dei vil løyse opp ekteskapet sin plass og opne for samliv med fleire enn to personar.

Her gjeld det fri sex uavhengig av ekteskap, truskap og plikter. Er det slik Den norske kyrkja vil ha det?

Kva slags samfunn vil vi etter kvart få i vårt kjære fedreland? Kva med våre barn og vår ungdom? Kristendomsopplæringa er teken ut av grunnskulen.

Folket i Sovjet fekk ein dyr lærdom då styresmaktene i 70 år la vekt på å stenge av all forkynning og opplæring i kristen tru.

No opplever kristne utsendingar frå Vesten at fengselsdirektørar, ordførarar, skulestyrarar, m.fl. inviterer dei inn på sine institusjonar for at dei skal forkynne den kristne tru. Dei opplevde at heile samfunnet stod på leirføter, ikkje fast grunn.

Skal vi få oppleve det same? Dei destruktive kreftene gjer seg gjeldande med ei forrykande tempo og angrip det som har vore det norske folk sitt samfunnsfundament i hundreår. Eit ateistisk livssyn fører folket ut på ei åndeleg hengemyr. Kor går vegen for oss? I mange hundre år var kristen tru og moral innplanta i den vestlege sivilisasjon. Den siste generasjons utvikling har gitt vårt folk ein sekulær kultur.

Det triste og urovekkjande er at det synest som at det er våre universitet og andre læreinstitusjonar som står i bresjen for denne utviklinga. At også Den norske kyrkja har valt å bli «politisk korrekt» på viktige livsområde bør forsterke vår uro. Vår ungdom i dag treng opplæring og utrustning til å stå imot det ateistiske presset som møter oss i media og undervisning.