I laurdagskronikken «Vitsen med nynorsk» i Sunnmørsposten (11.08.18) skriv Aud Farstad om språket vårt og gjev oss eit kort og tankevekkande historisk innsyn i både dialektene våre og det nynorske skriftspråket sine kår dei siste 150 åra.

Knapt noko anna synest å provosere og skape splid mellom menneske i landet vårt enn språket, og framleis er det svært tungt for mange å måtte erkjenne språket si grunnleggande betydning for mennesket si utvikling på fleire område.

Identitet

Identiteten vår blir utvikla frå tidleg barndom i ein slags interaksjon mellom det vi er og det vi ønskjer å bli, der arvegodset vårt blir forma under påverknad av impulsar frå miljøa vi lever i.

I denne utviklinga inngår sjølvsagt mange element, men språket er, etter mi meining, det aller viktigaste.

På slutten av 1800-talet var det den framkjempa retten til å snakke språket i våre ulike dialekter – og attpåtil skrive det (Likestillingsvedtaket av 1885/nynorsk etter 1929) – som utløyse flaumen av litteraturproduksjon på landsmål for om lag hundre år sidan – og det var nettopp dette som auka sjølvkjensla monaleg mellom folk over heile landet vårt.

Vi treng framleis individ og grupper av stolte menneske med god sjølvkjensle for å bygge eit trygt framtidssamfunn med sameksistens av fleire grunnsyn.

Med trygg identitet møter vi lettar andre med ope sinn!

Kongeleg støtte

Då prins Carl av Danmark kom til landet for å bli kong Haakon VII i 1905, tala han sjølvsagt dansk.

Men etter kvart kom han til å undre seg over nasjonalkjensla og språkmedvitet til norske dignitærar. Sitat – frå Norsk Barneblad 1933:

«Dersom jeg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikke an at nægte det. Det blev jo indført av danske embedsmænd. Disse herrer burde jo selv ha lært norsk. Men i stedet begynte deres undergivne at tale dansk som de, fordi man trodde dansken var saa meget finere. Dette gjorde meget til at svække den norske nationalitetsfølelse, og det er saa rimelig at den nationale vækkelse vil gjøre ende paa den tanke, at dansk er saa meget finere enn norsk.»

Kjende seg trakka på

Rundt hundreårsskiftet fekk presten og diktarhovdingen Anders Hovden påtale for å halde preike på «vulgært mål». Det var nettopp ved det leitet Bjørnson hadde reist storm imot landsmålet.

Hovden: «Eg kjende det som om det vart trakka på mine eigne foreldre» og «Før eg preikar på norsk-dansk, skal eg heller eta mold resten av mitt liv!» Klar tale – og kanskje idegrunnlaget for slagordet Snakk dialekt – skriv nynorsk!

Maktkampen mellom riksmålet og landsmålet har vore kjempa med ulike våpen – og diverre ofte blitt ein usakleg kamp mellom by og land. Mykje synsing om kva som er danna og udanna, fint og stygt. Mindre om kva som er ekte, rasjonelt og klokt.

Og sjølv om toleransen og respekten for dialektene har auka siste åra, er det framleis ei negativ polarisering mellom dei to språka, spesielt når det gjeld skriftspråket, der nynorsken sin posisjon stort sett er i forsvar mot angrep.

Er det så farleg om dialektene og nynorsken forsvinn, då?

Tja. Dersom mangfald og fleirspråkleg kompetanse skal utviklast vidare, så er det det, med tanke på kvalitet!

Jålekoppar

I tillegg til «mannjamninga» mellom nasjonalspråka våre står vi dessutan over for ei ny utfordring: Den engelsk språkimperialismen! Globaliseringa krev at vi tilpassar språket.

Kva blir så følgjene? Kva med morsmålet, identiteten og kulturen vår? Eg berre spør.

Iveren etter å tilpasse seg – og vise kor flinke vi er – er i alle fall stor mellom mange her til lands, og talet på jålekoppar som ikkje finn sitt eige godt nok, aukar stadig.

Vi endrar namn, annonserer og står fram som engelsk-kompetente i stadig aukande tempo. Det siste dømet er Høgskulen i Oslo og Akershus som ønskjer å bli universitet og vil at namnet skal bli Oslo Metropolitan University – og at førelesingane skal gå føre seg på engelsk.

Apropos kongefamilien og føredøme: Kong Haakon forstod dette med språk og identitet. Eg er meir usikker på kronprinsfamilien når dei tek tronarvingen ut av den norske grunnskulen for at ho skal få opplæringa si i ein privatskule – på engelsk.