Ein del er skrive om hotell og riving frå dei som ser negativt på å rive Grand Hotell på Hellesylt. Eg vil hylle dei fyrst! Vi treng dei som stiller spørsmål også, slik at saker blir belyst frå fleire sider.

For meg er BaseCamp Hotell Hellesylt eit positivt namn. Det er jo nettopp det ein kan ønske at Hellesylt blir, ein base for opplevingar. Dreg du ein sirkel på kartet rundt Hellesylt, er der mykje å oppleve. Ein kan nemne Sunnylvsfjorden, Den Trondhjemske postvei, Ljøbrekka, Flofjellet, Steimsnibba, Kvitegga. Ein kan padle, fiske, gå på ski, bade, jakte og sykle, og enda er der mykje meir å finne på.

Grand Hotell er bygd med tre som byggemateriale, altså eit trehotell. BaseCamp Hotell er planlagd bygd/teikna med tre som byggemateriale, altså også eit trehotell. Det er eit vakkert materiale og på det nye hotellet er trevirket tenkt å eldast ubehandla. Vi får eit trehotell for ein ny generasjon.

Minna og historia til Grand Hotell vil då bestå i sterk grad. Med BaseCamp Hotell er der grunnlag for å skape ny historie. Folk vil kunne overnatte på Hellesylt og få oppleve både hotellet og ikkje minst Hellesylt. Nye arbeidsplassar blir skapt, og kanskje kan vi oppleve folkevekst i staden for fråflytting. Det hadde vore historie eg vil høyre om!

BaseCamp Hotell vil by på utfordringar når det gjeld logistikk med tanke på trafikk. Utfordringar skal ein ikkje ta lett på men her må det planleggast og koordinerast mellom utbyggar og Stranda kommune. Utsyn frå Hellesylt sentrum mot fjorden vil sjølvsagt også endrast. Slik det er no er det få stadar i sentrum, med unntak av området frå Trygg Trykk og innover mot stadion at ein har direkte utsyn til fjorden. BaseCamp Hotell vil ikkje endre mykje på dette.

Valet av Snøhetta som arkitektar vil eg rose Flakk for. Å våge å presentere eit slikt arkitektonisk verk, slå seg på bringa og seie; «Det her er noko vi er stolte av!», og at det skjer på vesle Hellesylt. Eg refererer frå ei stemme i salen; «Som sunnmøring er eg stolt, som romsdaling er eg misunneleg!»

Då fyrste bildet av arkitekturen av det nye planlagde hotellet vart presentert skal eg innrømme at eg tenkte hmmmm, kva er det her? Med meir presentasjon av arkitekturen, tankane bak, fleire bilete og tid til å la inntrykket av presentasjonen av dette søkke inn sat eg berre igjen med eit STORT smil om munnen og eit ord i topplokket; WOW!

So ja, eg seie ja til nytt hotell på Hellesylt!

Eivind Louis HelsetHellesylt

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.