Ungdom og politikk

«Det er trass alt vi som er framtida»

Kvifor skal vi stemme på dykk politikarar når vi bikkar 18, om dykk ikkje lyttar til oss som 17-åringar?

Ungdomspanelet: Bak f.v. Gunhild Holm, Håkon Lykkebø Strand, Ola Mæle, Ulv Karlsen Ottem, Petar Milic, Ole Stensby, Ole August Iversen, Første rad f.v. Lene Vadseth Larsgård, Silje Sandøy Husøy, Andrine Sanden, Urte Karanauskaite, Siril Ræstad, Hedda Haugen, Sigurd Farstad. 

Kvifor skal vi stemme på dykk politikarar når vi bikkar 18, om dykk ikkje lyttar til oss som 17-åringar?

Ytring

Barn og unge (0-19 år) utgjer 24,1 prosent av heile befolkninga i Møre og Romsdal. Dette er altså nesten ein fjerdedel. Ein fjerdedel av alle som vert påverka av vala politikarane tek, og ein fjerdedel som har sin barndom nokså avhengig av at politikarane tek gode val.

Dei fleste av oss som tilhøyrer denne gruppa kan dessverre ikkje stemme på partiet som representerer våre interesser best. Akkurat derfor er det vi som er meir enn nokon andre avhengige av at våre interesser er representert uansett, for i fleire tilfelle er det akkurat politikarane som sitter med vår framtid i deira hender. Vår sjanse for å vere med å forme rammene rundt vår oppvekst heiter medverknad, og det er kanskje det aller beste politikarane kan gjere for vår fjerdedel av befolkninga. Kvifor skal vi stemme på dykk politikarar når vi bikkar 18, om dykk ikkje lyttar til oss som 17-åringar?

17-åring frå Sande skal leie ungdomspanelet

I helga var det Ungdomens fylkesting i Ålesund. Urtė Karanauskaitė (17) frå Sande blei valt til den nye leiaren av ungdomspanelet. Nestleiar er Ulv Karlsen Ottem (17) frå Sunndal.


I likskap med lesarbrevet til UNG-koordinator Lovise Almklov og rådgjevar Mari Anna Bjørkmann i Møre og Romsdal fylkeskommune, vil vi i ungdomspanelet poengtere at reell medverknad er ekstremt viktig for unge i fylket. Det at politikarane opnar opp for innspel frå unge vil ikkje berre sikre at vår fjerdedel verte tenkt på i ulike saker, men det vil også gi oss ein kjensle av at vi verte tatt med og har noko å seie for våre heimestad. Å ha ei meining som ikkje tel drep mykje av den framtidige interessa for politikk. Om vi ikkje vert inkludert i politikken som unge, er det rart at berre 29,4 prosent av oss unge stemte ved sist kommuneval? Det er forresten det lågaste prosenten i heile Noreg for aldersgruppa 20–24 år!

Det å kunne medverke bidreg til politisk engasjement blant unge, som igjen gir oss moglegheita til å verte meir reflekterte og involverte med samfunnet rundt oss. Kvifor skal vi gidde å bry oss om politikk og engasjement når ingen ynskjer oss velkomne? Med færre ressursar og kunnskap er det vanskeleg å ta del i politikken som ung, og om ingen opnar døra for oss har faktisk dei fleste av oss ikkje moglegheita til å komme inn.

Dei viktigaste områda å påverke for oss, er vår eigen heimplass. Det er denne plassen som formar oss mest som menneske og lager ramme for vår oppvekst. Det at «menn i dress» på rådhuset vil i det heile møte oss er kanskje akkurat det som skal til for at vi vil komme tilbake etter ei eventuell utdanning. For heilt seriøst, ville du ha flytta tilbake til ein stad du ikkje var velkommen til å vere med å utvikle?

Sidan det at unge skal få vere med å medverke er så viktig, har vi i ungdomspanelet utvikla ein rettleiar for tettstadutvikling. Rettleiaren vil kunne hjelpe unge i kommunane som er mindre flinke til å involvere ungdom til å ta litt grep sjølv, samt understreke korleis og kor viktig det er å ta med unge for kommunane. På denne måten kan både unge og vaksne meir strategisk vere med på å skape medverknad på den staden dei bur. Om vi får moglegheita til å prege vår heimestad, vil det verte ein del av identiten vår og den mest komfortable plassen på jord: «heim», uansett om vi studerer i Oslo.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Om ein opnar opp for forslag frå oss unge, samt lærer seg å høyre oss ut, vil ein kunne jobbe meir taktisk og rett for å skape ein betre region, for alle fire fjerdedelane av folket.

Likevel er det ikkje berre enkelt for oss unge å ta del i politikken. Som unge risikerer vi stadig å ikkje bli høyrt eller tatt på alvor. Dessverre er det ein del hersketeknikkar som er ute og går. Det er nemleg ikkje nok å få skryt for ein fin tale om den går inn eine øret og ut andre. For Møre og Romsdal sin del er det vanskeleg å nå ut til alle oss barn og unge i fylket eller kommunen. Dette er problem som er absolutt moglege å løyse om ein berre tek litt tak. I alle kommunar er det ein gjeng av unge som allereie er engasjert og som vil verte høyrt, så bruk til dømes ungdomsråda. Vi som allereie er engasjert er ganske lett å tilfredsstille, berre gi oss ein plattform for å snakke og notar ned det vi faktisk seier.

Ungdomspanelet er som eit ungdomsråd for fylkeskommunen der vi verte gitt ei moglegheit for å uttale oss om alle fylkeskommunale saker, vi har altså ein sjanse til å verte sett og høyrt. I denne posisjonen må vi stadig jobbe med å vere synlege ovanfor dei tilsette sånn at dei skal ta oss i bruk og involvere oss i deira planar. Samtidig veit vi at det gjer mange andre ungdomsråd, men lykkast i mykje mindre grad. I framtida håper vi at unge verte eit av nøkkelpunkta ein må gjennom i saksframgangen, i større eller mindre grad. Vi har noko å seie, og ikkje berre om skulevegen og leikeplassen, men også om korleis sentrum ser ut, korleis kollektivtilbodet er og om det er nødvendig med ein ny parkeringsplass. Det beste rådet her er ganske simpelt: ta med oss unge! Det er trass alt vi som er framtida.

Urtė Karanauskaitė
Leiar i ungdomspanelet

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.