Du får prøve å halde fingrane samla, så dei ikkje renn ut mellom fingrane på deg alt for fort. For oppgåvene er enorme!

Her gjeld det å vekte rett! Og du må ikkje snu på skillingen og la dalaren gå, men vere trygg på at dei pengane du auser ut av vår felles lommebok blir vel brukte i framtidsretta og miljøvenlege løysingar, og som, ikkje minst, får brukarane av alt du får til, til å smile!

Det siste kan eg ikkje få understreka nok. Du må prøve å få auge på teknologi som er tilpassa framtida, og ikkje berre teknologi som var tilpassa fortida.

For dette blir svindyrt, Dale! Derfor er det viktig å sjå på kva som er mogeleg i dag, ikkje berre det som var mogeleg for tiår sidan.

Her vil du garantert møte folk som seier at sagt er sagt, og kva skal det bli til om vi heile tida skal drive på med omkampar. Men eg vil seie at du ikkje må ta på deg høyrselsvern og skylappar for å døyve nye inntrykk.

Men sjå deg om både til høgre og venstre og opp og ned for å vere trygg på at det du gjer er det beste som er mogeleg for landet vårt i den augneblinken då avgjerda må takast.

Til det treng du gode rådgjevarar. Dei finnast.

Høyr på dei, ikkje berre på sjefen din. Ingen har sagt at dette blir enkelt, Dale. Dette blir og ein test på din integritet. Og kva slags kvalitetar du står for. Kva slags mann du eigenleg er. Kva du er laga av.

Verre er det ikkje! Og så får vi vone på mange nye framskritt i verda, både av teknologisk art og andre.

Slik at vi kan få gode dagar på Jorda også i framtida.

Og det dreier seg om heilt andre ting enn berre vegtrasear. Lukke til!