Lesarinnlegg:

«Samferdselen mellom søre og nordre Sunnmøre»

Vi som bor mellom Romsdalsfjorden og Sognefjorden har nok med våre eigne fjordkryssingar, korleis folket vil ha trafikk-løysningane i andre distrikt bør dei styre med sjølve. Slike prosjekt som Møreaksen som vil krevje ein billett på 1.000 kroner i bompengar pr. personbil til statskassa pr. tur, er heilt uønskt av folket.

Vil ha veg utan ferje: Det meiner artikkelforfattaren.  Foto: Knut Arne Aarset

Det er i alle fall heilt uforståeleg at vi skal gå inn for å skaffe oss elektriske ferjer til ukjente milliardbeløp

Ytring

Det er i alle fall heilt uforståeleg at vi skal gå inn for å skaffe oss elektriske ferjer til ukjente milliardbeløp (berre den pågåande snuinga av ferjekaia i Sulesund kostar milliardbeløp og er komplett bortkasta). Det er utruleg at folk flest og mange politikarar ikkje ser at den over 60-årige ferjeepoken er snart historie. Berre sidan ferjene i Herøy, Ulstein, Giske, Ellingsøya og Ålesund blei nedlagde, blei seks-sju ferjer overflødige med bygging av Herøybruene, Giske/Ålesund-tunnelane og Eiksundtunellen. I tillegg blir åtte store ferjer til på Sunnmøre overflødige når tunnelutbygginga på FV61 er gjort. Og til overmål så er den heilt sjølvfinansierande på få år, og Staten sparer seg milliardbeløp kvart år for all framtid og får begynne å betale ned på sitt enorme underskot.

Kun i inneverande Statsbudsjett for 2018 er underskotet 260 milliardar kroner. I tillegg seier SSB, pluss at siste 15 åra er det statlege etterslepet på grunn av manglande vedlikehaldsutgifter svimlande. At folk ikkje vaknar er ufatteleg.

Det er heilt utruleg det som skjer på samferdselsområdet, det er utruleg at ikkje dei styrande ser korleis det offentlege kan spare seg enorme milliardbeløp. Viss der hadde vore bygt ein tunnel frå synste Hakkalestranda via øyane i Sande til Hidsneset og ein frå Strandkrysset under Hareidslandet og Godøya med to korte tunnelar, den eine til Valderøya for trafikken til flyplassen og nordover via Ellingsøya, og den andre inn til Ålesund, så ville det offentlege spart enorme beløp. Det spelar absolutt inga rolle om kostnaden for tunnelutbygginga på FV61 kostar fem eller sju milliardar kroner, for autopassinntektene til bompengeselskapet blir mellom ein og to milliardar kroner i året bassert på dagens ferjetakst.

Uansett blir det heile nedbetalt på få år. Med dette ville det ta femten minuttar mellom Ulstein og Ålesund, ti minuttar lenger frå Hareid, indre Herøy og Sande. Dei frå Fosnavåg, Ørsta, Volda brukar i dag 20 minuttar til Strandkrysset (når tunnelane er ferdige brukar også Vanylvingane ein dryg halvtime eller under 40 minuttar til Ålesund).

Dette overser politikarane heilt fordi Vegvesenet og dei på Fylkeshuset vil helst at folket skal ha ferjer, slik at dei på fylkeshuset har noko kjekt å styre med. Men også at her er sterke økonomiske krefter, som ynskjer å suge mest mogleg ut av folket og samfunnet og lage forretning ut av det heile.

Pål Vedeld Djupvik
Leikong

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.