Langedalselva kraftverk har det vorte vist stor motstand mot, mellom anna frå Naturvernforbundet, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, lokale grunneigarar og friluftslivsungdom.

Dette kraftverket er planlagd frå Karbø bru til Klipphølen. Konsesjonssøknaden er akkurat no til handsaming i Olje- og energidepartementet.

Spesielt elvelandskap

Langedalselva består av eit heilt spesielt elvelandskap, med brutale juv og kraftige fossar. Det tek ikkje meir enn fem minutt å gå frå hovudvegen før ein står midt nedi juvet, eit sjeldan nært møte med naturkreftene.

Næring i vekst

Naturbasert reiseliv er ei næring i vekst. Innovasjon Norge ser for seg at talet på reisande til Norge vil mangedoble seg i løpet av få år.

I ei undersøking gjennomført av innovasjon Norge vart reisande spurt om å skrive eit ord som er grunnlaget for å reise til Norge.

Dei tre orda som utmerka seg var, fjord, urørt og natur.

Dette er akkurat det som vi per dags dato er så heldige med å omkranse oss i her på Hellesylt – vi sit på framtidas gullgruve.

Totalt meiningslaust

Det er mykje positiv snakk knytt til desse utbyggingane; hydrogenprosjekt, «grøn» energi til industri og husstandar, lokal utvikling og utnytting av dei ressursane vi har. Men i Sunnylven er det allereie fire eksisterande kraftverk, i alle vassdraga som renn i området. Vi utnyttar allereie mykje av dei ressursane av elvekraft vi har.

Å produsere hydrogen bør ein klare med den krafta som allereie vert produsert, å rasere meir urørt natur med grunngiving i hydrogenproduksjon er totalt meiningslaust når ein tenker tilbake på grunnen til at ein vil produsere hydrogen.

Reiseliv

Vassdraga kan også bli svært verdifulle for naturbasert reiseliv i framtida. Prognosane for denne type turisme er svært positive. Det ligg til rette for padle og raftinginteresse, friluftsinteresser og fiskeinteresser, noko som kan gjer at folk vel å busette seg i området i framtida.

Slik eg ser det er det framtidsretta og bevare dei vassdraga vi har i Sunnylven. Potensialet for den aukande reiselivsnæringa er enorm, og tilreisande vil ha urørt natur og intense naturopplevingar. Ved å bruke vassdraga vi har kan vi tilby dette på ein enkel og fantastisk måte. Ei utbygging er eit enormt naturinngrep som går ut over biologiske verdiar og øydelegg for opplevingar både for lokale å tilreisande.

Skada for all framtid

Å byggje ut ei elv eller eit vatn er inngrep som ikkje kan rettast opp eller reverserast. Når det er bygd ut er vassdraget og naturen skada for all framtid.

Kvifor skal ein no forhaste seg med å byggje ut? Vassdraga har vore urørt i fleire tusen år, å rasere naturen for å byggje kraftverk bør tenkast nøye gjennom og ikkje forhastast. Elvekraft er og ein gamal måte å utnytte ressursane på. Det finst nye metodar som ungår å skade naturen som for eksempel solceller, bølgjekraft og kjernekraft.

Padlemiljøet

På Sunnmøre er det eit padlemiljø i vekst og friluftslivet stiller enda sterkare.

Langedalselva er ei padleelv for framtida, eit naturleg aktivitetsområde som er open å tilgjengeleg for alle.

Det vil vere ei skam for samfunnet og mot framtida om ein let dette gå tapt.

Eg synest utbygging av dei siste elvane i Sunnylven er prega av gamle dagar sitt syn på natur. Høyr på ungdomen, og spar naturperlene til glede for generasjonar som kjem.

Auka folketal og tilbakeflytting kan vi få med ei grøn og framsynt planlegging, ikkje med utbygging av fleire kraftverk. Uavhengig av utfallet av konsesjonssaka, meiner eg at lokale grunneigarar, politikarar og lokale selskap må seie nei til at kortsiktig profitt skal øydelegge vår felles naturarv for all framtid.

Tenk på framtida, vern om det uberørte, sjå heller på moglegheitene dette skapar!

Helge KarbøNaturguidestudent, 23 år, frå Hellesylt

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.