Under ein telefonsamtale 11.9. med Hermod Arne, 94 år gamal utflytta ørsting busett i Bergen, lova eg å skrive ein artikkel for Sunnmørsposten om Nordøyvegen. Han var sterkt oppteken av at optimismen måtte vinne fram, at samfunnet måtte investere i infrastruktur for å førebu seg på krava som framtida vil stille og at politikarane bør sjå potensialet for utvikling som øyane på Sunnmøre har.

Eg hugsar ein annan telefonsamtale, i 1982, med Øystein Østensen Goksøyr, om korleis han hadde arbeidd for å få gjennomslag for Runde-brua, som stod ferdig det året. For det første må ein vere overtydd om at ein har ei god sak for framtida, sa han. Dernest må ein arbeide utan stopp så lenge som trengst og aldri å gi seg om ein møter skepsis og får nei. Så fortalde han konkret om arbeidet.

No er turen komen til Nordøyane. Også der har mange stått på for ei god sak, lenge og vedvarande, og ikkje gitt opp for skepsis, pessimisme og motgang. Tidsmessige kommunikasjonar også for desse øyane er heilt avgjerande for ei positiv framtidig utvikling. Ferjene vil ikkje i framtida tilfredsstille behova for ein tenleg person- og varetransport, dei vil vere eit veksande hinder for å vere konkurransedyktig med andre område. Problemet med det er ikkje at det vil skje utvikling andre stadar, men at samfunnet ikkje nyttar seg av utviklingspotensialet på desse øyane.

Den gunstige økonomiske situasjonen som Noreg har opparbeidd seg gjennom olje- og gassverksemda, vil vare ved i nokre få tiår til. Det er no tida er inne til å bygge ut kommunikasjonane og infrastrukturen som skal gjere det lettare å utnytte anna potensial når oljealderen tek slutt. Det vil tene heile Sunnmøre å knyte fastlandet til Nordøyane.

Einar LandmarkØrskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.