Slik som dei gamle ­vekkjelsepredikantane spela på frykt for å få folk til å omvende seg, slik spelar dei populistiske partia på frykt for å få folk til å stemme på seg.

Vi veit alt om at det ikkje var noko særleg sunt og godt for folk å bli skremde med synd, dommedag og helvete. Men har vi erkjent kor usunt det er å skape frykt i eit folk på andre område?

Og har vi nok kunnskap om historia vår til å gjennomskue dei gamle triksa som kjem att gong etter gong når nokon vil få folk til å gå i ei bestemt retning?

Jødane

Langt inn i førre hundreår var det jødane som var syndebukkane. Og frykta for jødane var eitt av Hitlers knep for å samle folk kring nazismen. Vi veit også kva folk både i Tyskland og mange andre land var med på eller stillteiande godtok. Og etter det som har vorte kjent av nyare norsk historie, så veit vi at vi ikkje har mykje å skryte av i Noreg heller når det gjeld å ville sjå og ville stoppe galskapen. Jødiske born, kvinner og menn vart sende ut av Noreg til ei høgst usikker framtid i dei tyske konsentrasjonsleiarane, berre fordi dei var jødar.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Innvandrarane

No er det innvandrarane, det vil seie dei som har ein annan hudfarge enn oss eller er muslimar, som er syndebukkar og farlege element som vi skal vere redde for. Dei kan drepe oss, overta religionen vår eller overta makta i landet vårt.

Aller helst skal dei ikkje få sleppe inn over grensene våre i det heile, berre på mistanke av at dei kan finne på å skade eller true oss.

Om dei treng ei naudhamn speler inga rolle. Det er oss det gjeld. I land etter land i Europa er det populistar som nører opp under denne frykta ved å generalisere alle dårlege eksempel.

Er vi villige til å godta denne propagandaen og godta at desse populistiske leiarane skal få makt ved at vi stemmer dei fram?

Skaper frykt

Sikkerheita i Noreg er høgre enn nokon gong før, likevel har ungdomane våre aldri vore meir redde. Dei som studerer slikt seier at angsten handlar ikkje berre om kor farlege situasjonane er, men korleis folket vurderer risiko. Og folk vurderer risiko etter det som blir fortalt. Fortel vi kor farleg det er mange nok gongar, så trur folk at det er slik det er. Det er ikkje vanskeleg å skape frykt.

Eg kjende ei svært gamal dame som budde åleine fram i ein dal i Hellesylt. Etter alt skriveriet om den store flodbølgja som skulle kome når Åkerneset fall ut, nekta ho å flytte på aldersheimen som låg ved sjøen. Ho var redd for å bli tatt av bølgja. Ho døydde på kjøkengolvet sitt fordi ho var åleine og ikkje fekk hjelp då ho vart liggande på golvet etter eit fall.

Det viktigaste vi kan lære borna våre og ungdomane våre er å tenkje sjølv. Historisk og etisk kunnskap kombinert med kritiske spørsmål til det som blir sagt frå dei som ropar høgast, kan berge oss frå populismen og berge oss frå atter ein gong å gå i den fella at vi dømer folk ut ifrå etnisitet og religion.

Og vi kan også legge til legning i same leksa. Eit menneske har same verdi, uansett, og SAME menneskeverd uansett, og skal stillast same krav til, uansett. Eg heiar på komande generasjonar!!!!

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.