«Meir om dramatikken rundt «Yukon»-forliset»

«Yukon»: Snurparen gjekk ned under dramatiske forhold i januar 1957.  Foto: Bjarne Skarbøvik

Leserinnlegg

Sameleis som Roger Korsnes var eg der midt mellom dei dramatiske hendingane i ope hav utanfor Nordøyane i januar 1957. Eg var fiskar om bord i «Bjørnsund», ein snurpar frå Bjørnsund i Romsdal. Vi hadde også kasta etter silda, men fekk bomkast. Vi var i ferd med å ta inn att nota i notbåtane då vi såg ei lita sky, som ein liten sekk, på nordhimmelen. Etter kvart oppdaga vi at skya vaks og nærma seg i stor fart.

Vêret hadde hittil vore fint, med litt dønning, men heller blank sjø. Det tok til å snø lett og etter kvart kom vinden. Basen og lettbåtroaren såg snart at det var for stor sjø for lettbåten og gjekk opp på sida til storebåten og vart heist om bord. Vi i notbåtane måtte berge nota. Skipperen på «Bjørnsund» la båten i lo av oss for å dempe sjøane og vi fekk etter kvart inn nota og tok til å gå i le av storebåten mot land. Det var no for grov sjø til at notbåtane kunne heisast opp på båten.


Vi var seks mann i kvar båt. Motormannen stod og passa motoren medan båtføraren styrte. Resten av oss låg oppå nota og prøvde å halde oss fast best vi kunne. To notbåtar som er hekta i hop side om side er lite sjødyktige i grov sjø. Dei to leiarane på notbåtane bestemte difor at nota skulle skjerast av etter midtlissinga (skøyten midt på nota). Då fekk notbåtane gå kvar for seg i le av storebåten. Dette var truleg eit trekk som var med å redda oss, for båtane var opne og fulle av not og tau og tok inn sjø heile tida.

Vi hadde ikkje radio om bord i notbåtane den tida, så kontakta med storebåten var berre fekting og gauling som det kom lite ut av. Eg var ung og heller uerfaren då, men eg stolte på dei erfarne «båtstyrarane» som hadde kommandoen om bord i notbåtane og kan ikkje hugse at eg var særleg redd.

Les meir: Her finn du alle sakene om «Yukon»-forliset

Vi såg at «Yukon» hadde fått sild i nota. Komne inn i fjorden meir i le for vind og sjø fekk vi kome om bord og varme oss med litt varm kaffi, for det var ein kald tur i opne båtar. Då fekk vi høyre at «Yukon» hadde gått ned, men at mannskapet vart berga.

Men det vart meir dramatikk. På fiskeribølja kunne vi høyre at ein hjelpar, eg trur det var ein båt frå Nordland, hadde gått seg inn i Harøyfalla i snøkaven. Han kom seg ikkje ut att og låg der og ropte om hjelp. Ein «hjelpar» var ein om lag 70 fots-, gjerne trebåt, som skulle hjelpe snurparane når dei fekk fangst. Dei hadde oftast med ein ekstra notbåt til bruk ved store kast og skulle også slepe snurparen opp mot vinden når snurparen hadde får nota inn til sida og var lite manøvreringsdyktig.

Vêret var no så ille at dei fleste skipperane hadde nok med sin båt. Radar og peileapparat var det dårleg med den tida og det var ikkje lett å finne ut kvar hjelparen låg. Så dukka det opp ei røyst frå ein skipper. Eg trur han var frå Harøya og hadde fiska hummar i området. Han var i alle fall lokalkjend og tok til å spørje skipperen på hjelparen kva han såg rundt seg. Han greidde til slutt, over radioen, under over alle under, å lose båten ut att utan å sjå båten i det heile. Han redda truleg livet til åtte fiskarar den kvelden.

For noen tiår siden:

Denne gikk til bunns med «Yukon» – og kom på land som bifangst

Forliset av sildesnurperen «Yukon» den veritable styggeværs-vinteren 1957 har vakt minner blant mange godt voksne lesere. Episoden festet seg virkelig i den kollektive hukommelsen.


Det var mykje meir dramatikk enn det eg har fortalt. Ein båt hadde fått noko på propellen og vart berga med hjelp og slep inn att, men det er sikkert mange som kan meir om dette enn eg. Der var mykje folk på sjøen den dagen.

Det var truleg eit sokalla «polart lågtrykk» som var årsaka til det eksplosive og etter kvart dramatiske vêret. Dei har oftast med seg snø i tillegg til sterk og eksplosiv vind.

Skipperen på «Bjørnsund» var Andreas Folkestad frå Valderøya, ein kjernekar og dyktig skipper som eg var med fleire turar på Island og Grønland på linefiske og etter vintersilda som her.

Ove Kaldhol
Langevåg

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Fleire saker om «Yukon»-forliset:



For noen tiår siden:

Denne gikk til bunns med «Yukon» – og kom på land som bifangst

Forliset av sildesnurperen «Yukon» den veritable styggeværs-vinteren 1957 har vakt minner blant mange godt voksne lesere. Episoden festet seg virkelig i den kollektive hukommelsen.


For noen tiår siden:

Ta mot tampane!


For noen tiår siden:

Dette sa skipperen da skuta sank vest av Harøyfalla

«Han vart for frisk å blåse!». «Det er ikkje stort meir å seie om den tingen».