Kjære tippoldefar. Du har vore borte frå oss i snart 200 år no. Eg skriv likevel dette til deg, fordi historia er så typisk for vår tid:

Sist laugardag skulle det vere fotballkamp i Spjelkavika. Fotball fanst visst ikkje i di tid, men der kom eit følgje oppover frå Christiania for å tevle med spjelkavikarane.

Dei kalla seg Rilindja. Eg veit ikkje om dei kom etter vegane eller gjennom lufta (aeroplan), men dei var temmeleg mange, eg vil tippe om lag tjue. Fotball er eit spel med mykje folk.

Du lurer kanskje på om reisa tok mange dagar. Nei, aeroplana reiser styggfort og vegane er breiare og betre å køyre på enn i di tid. Så dei kom same dagen. Nei, dei brukte ikkje hest og kjerre, heller.

No ønskte både spjelkavikarane og rilindjarane å spele frå seg kampen på kunstgrasbana. Du veit; dei hadde alt reist langt og brukt mykje pengar. Men veit du kva? Dei fekk ikkje lov. Av fotballsamskipinga i Christiania. Det var mot reglane. Dei telegraferte, men det var ikkje snakk. Rilindjarane måtte reise heimatt og vente på ny melding om når dei kunne reise oppatt til Spjelkavika og prøve ein gong til.

Slik er det blitt i Norge i dag, tippoldefar. Det er ikkje lov å spele litt av kampen på ekte gras og resten på kunstgras. Heile kampen må vere på same slags gras. Same kor langt du har reist. Men elles har vi det bra.

LEIV ARNE GRIMSTADHareid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.