Dei kritiske som meiner eg er intolerant og øydelegg for dei homofile sin rettigheitskamp.

Dei positive (langt dei fleste) som takkar fordi kronikken har gitt dei legitimitet til å kome med motførestellingar mot FRI og prideideologien.

Dei i den første kategorien har hatt fokuset på det nærliggande; viktigheita av å stå opp for dei homofile og protestere mot fordømming og hat som homofile framleis kan risikere å bli møtt med. Dei meiner debatten om overordna tema (t.d. retten til familie) må komme i ettertid. (Ein av deltakarane i paraden, sokneprest Vatne, svara nettopp det på spørsmål frå Sunnmørsposten sin reporter).

Dei i den andre kategorien oppfattar eg har sett pride i lys av FRI sin ideologi og er skremt over den samfunnsutviklinga som teiknar seg ut frå denne. Reaksjonane stadfestar også mitt tidlegare inntrykk om at det har utvikla seg ein «trong meiningskorridor» i alle spørsmål som handlar om homofile sin rettigheitskamp. Mange vegrar seg for «å våge sitt gode namn og rykte».

Frå tidlegare har AP sitt mektige homo-nettverk fått stor innflytelse inad i statsapparatet, i organisasjonane og ut i undervisningsinstitusjonane gjennom sine Rosa kompetanseprosjekt. Tilsvarande oppbygging av slike nettverk skjer no innan dei fleste politiske parti, og LGBTI+ -kompetanse er no på fleire sin dagsorden. Kirkerådet har innleia eit samarbeid med FRI for heving av LGBTI+ -kompetansen inad i eigne rekker, og i KrF går debatten høgt om spørsmål relatert til barn og familie.

Eitt talande eksempel på korleis interessene til dei homofile vinn fram i bioteknologispørsmål, er den vellykka strategien som resulterte i at fleire fylkesleiarar innan partiet Høgre endra meining i spørsmålet om eggdonasjon. Mellom dei to siste landsmøta i partiet arrangerte Kvinnenettverket og Åpne Høyre (homonettverket) møter med alle fylkesleiarane. Her i fylket gav det seg utslag i at Dag Olav Tennfjord endra syn i spørsmålet om eggdonasjon.

Det kan elles nemnast at leiaren i Kvinnenettverket Tina Bru, også har fronta dei ufrivillig barnlause si sak i samband med eggdonasjonsdebatten.

Eg antar at ein liknande strategi som vart nytta i Høgre, vil bli brukt i fleire politiske parti når det neste store spørsmålet innan bioteknologi kjem på dagsordenen i løpet av dei næraste åra; nemleg spørsmålet om surrogati. For å oppnå likebehandling og likestilling blant dei homofile, blir dette eit sentralt og svært viktig spørsmål i deira rettigheitskamp vidare framover. Eggdonasjonsvedtaket vil garantert bli brukt som «brekkstong» i forhold til spørsmålet om surrogati.

I lang tid har det vore ein skeivrepresentasjon i media når det gjeld å sleppe til kritiske ytringar omkring LGBTI+- spørsmål. NRK har som den store medieaktøren også valt å bidra aktivt for å nedtone betydinga av dei biologiske banda mellom barn og foreldre; t.d. gjennom den populære barne-tv-serien Snøfall.

Det er dessverre relativt få som i dag fremmer barneperspektivet i debatten. Reaksjonane eg har mottatt visar at mange delar mitt syn. Forhåpentlegvis vil fleire no våge å kome med sitt bidrag – både for å halde debatten varm og for å få barnefokuset meir i sentrum.

I kva grad vi varetar barna sine rettigheiter, meiner eg er ein kvalitetsindikator for oss som samfunn. Vi må ikkje miste av synet at dette faktisk handlar om den aller svakaste parten.