Lesarinnlegg om fotballbyråkrati:

«Ope brev til tippoldefar»

Regnvått: Då regnet stoppa kampen mellom Spjelkavik og Rilindja sørga Norges fotballforbund for å stoppe alle forsøk på å få den gjennomført på alternativ bane. Leiv Arne Grimstad tar på sitt humoristiske vis eit oppgjer med fotballbyråkratane i «ope brev til tippoldefar». Foto: Fridgeir Walderhaug 

Leserinnlegg

Kjære tippoldefar. Du har vore borte frå oss i snart 200 år no. Eg skriv likevel dette til deg, fordi historia er så typisk for vår tid:

Sist laugardag skulle det vere fotballkamp i Spjelkavika. Fotball fanst visst ikkje i di tid, men der kom eit følgje oppover frå Christiania for å tevle med spjelkavikarane.

Dei kalla seg Rilindja. Eg veit ikkje om dei kom etter vegane eller gjennom lufta (aeroplan), men dei var temmeleg mange, eg vil tippe om lag tjue. Fotball er eit spel med mykje folk.

Du lurer kanskje på om reisa tok mange dagar. Nei, aeroplana reiser styggfort og vegane er breiare og betre å køyre på enn i di tid. Så dei kom same dagen. Nei, dei brukte ikkje hest og kjerre, heller.

Så tok dei til å tevle – og det regna veldig. Då dei hadde tevla i litt over tjue minutt sa kampleiaren at dei måtte slutte. Bana vart full av søylepyttar. Dei kunne ikkje spele der meir. Men like ved, no skal du høyre, tippoldefar; like ved – berre eit steinkast ifrå – ligg ei kunstgrasbane. Du veit sjølvsagt ikkje kva kunstgras er, tippoldefar, men det liknar nesten til ein prikk på dei attelegene du hadde ned om løa og stabburet ditt. Berre det at graset er laga av eit stoff som ikkje fanst i di tid og ser ut som vanleg gras. Både AaFK og Hødd, som er dei beste fotballklubbane våre i dag, spelar på slike baner. Dei er like gode å spele på same kor mykje det regnar, for der er ikkje mold oppunder.

- Minnet om vannpolo

Kampen mellom Spjelkavik og Rilindja blei stansa etter 23 minutter.


No ønskte både spjelkavikarane og rilindjarane å spele frå seg kampen på kunstgrasbana. Du veit; dei hadde alt reist langt og brukt mykje pengar. Men veit du kva? Dei fekk ikkje lov. Av fotballsamskipinga i Christiania. Det var mot reglane. Dei telegraferte, men det var ikkje snakk. Rilindjarane måtte reise heimatt og vente på ny melding om når dei kunne reise oppatt til Spjelkavika og prøve ein gong til.

Slik er det blitt i Norge i dag, tippoldefar. Det er ikkje lov å spele litt av kampen på ekte gras og resten på kunstgras. Heile kampen må vere på same slags gras. Same kor langt du har reist. Men elles har vi det bra.

LEIV ARNE GRIMSTAD
Hareid

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.