Stad Ap ser med bekymring på at dagens regjering ikkje har inne pengar til Stad skipstunnel i statsbudsjettet for 2019.
Stadhavet er i dag eit farleg havstykke som bremsar regulariteten på mange typar frakt til sjøs.
«Skipstunnelen utsett igjen»
Hurtigbåtruta på kysten er ei viktig transportåre.
Stad skipstunnel vil kunne knyte Vestlandet saman på ein heilt ny måte, og vi vil få ein mykje større bu- og arbeidsmarknadsregion frå Ålesund via Ulsteinvikområdet til Måløy og Florø.
«Satsinga på det høgt lovprisa havrommet kan ikkje stanse på kaikanten»
Arbeidarpartiet har både lokalt, regionalt og nasjonalt vore tydelege på kor viktig Stad skipstunnel er.
Stad Ap ber innstendig om at det vert løyvd tilstrekkeleg midlar i Statsbudsjettet for 2019, slik at Kystverket kan kome i gang med dette viktige utviklingsprosjektet for heile kysten.
Siri SandvikOrdførarkandidat Stad Ap
Jan Vidar SmenesVaraordførarkandidat, Stad Ap
Berner MidthjellLeiar, Stad Ap
Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.